|
Seriestart for G16-1 onsdag på Kvednabekkjen | Onsdag kl 18.30 går startskuddet for seriespelet for G16-1. Trott tar då turen frå Prestegardsskogen. | | |  | | Lars har rista av seg skaden og er klar onsdag |
Vi er svært spente på kor vi står i forhold til dei andre laga i denne 1. divisjonspulja i Rogaland. Forutan Trott, skal vi og møta Stord, Sveio, Djerv 1919, Kopervik og Torvastad.
| | |  | | Kaptein Daniel er klar for seriestart |
Vi har vel ei formeining om at Djerv 1919 er favoritten, dei var egentlig kvalifisert for elitedivisjon, men valgte 1. divisjon. Dei andre veit vi lite om. Vi har siste veka fått erfare at det er tøft å spela gutelagsfotball, det er fleire steg opp fysisk frå G14-spel. Vi håpar i alle fall på mange jevne og tette kampar og at vi kan klara få til 'vårt spel' også mot tøffare fysisk motstand. Med ei 50/50-blanding av 15- og 16-åringar på laget er vi nok ikkje på topp på 'vekt-tabellen', heller på botn:-). Så får vi prøva komma høgare på tabellen som tel poeng. Vi er i alle fall godt forberedt gjennom ein god treningsvinter og gode prestasjonar i oppkjøringskampane.
| | |  | | Topptrent Simen gler seg til å komma i gang |
Møt opp og sjå Daniel Normann & Co i serieåpninga og støtt opp om Trio gutane! Onsdag kl 18.30 er tida! | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |