Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tap for G16-1 i serieopninga

Førstelaget til Trio av 15- og 16-åringar tok onsdag i mot Trott til serieopning i 1. divisjon Rogaland. Trottingane framstod ikkje heilt overraskande som eit svært godt lag og reiste heim med ein fortent 4-1 siger i bagasjen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott innsats av Tormod i målet

2001-generasjonen til Trott har vore ein del sterkare enn Trio i fleire år. Til dagens kamp kjente vi ikkje igjen meir enn 1 eller 2 frå fjorårets 2002-lag, så det var nok i hovedsak 16-åringar på dagens Trott-lag.

 
Klikk på bilete for full storleik
Lars nær utligning i første omgang

Med ein gammal kjenning i 'Dikkie' Stensohn på sidelinja og med kampen vel i gong, såg vi med ein gong at dette var eit godt lag. Fysisk sterke, men og teknisk gode, raske og ballsikre. Litt bedre enn oss på det meste og eit fintspelande lag. Vi evnar å spela nokolunde jevnt i første omgang, men det sprekk ein gong på venstre sida vår der Ole Martin hadde på seg ein svært rask og god ving. Han kom fri og fekk lagt tilbake der dei fekk avslutta i lengste hjørne. Vi kjem nær ei utligning etter ein corner, men keeper reddar headinga frå Lars frå kort hald.

 
Klikk på bilete for full storleik
Espen med spesielt god første omgang

I pausen er vi enige om at vi har egentlig gjort ein ok omgang mot eit godt lag og ikkje ligg langt etter. Her er muligheter. Vi gjer ein del rokkeringar for å prøva få meir kraft framover, i tillegg til at Ole M. må ut og Simen kejm inn for han. Lars ned som anker i 3-5-2 formasjonen, Sander opp som spiss og Daniel som indreløpar for å få han meir med fram. Vi er godt med i innleiinga av omgangen og Brynjar får ein kjempesjanse til å utligna. Men keeper er med og slår til corner. Mads er og gjennom, men avslutninga mangla kraft. Så skjer det som endelig avgjer kampen. Daniel er ute på sidelinja på ein corner imot og får behandling for blødande nase. Referenten sitt med ryggen til då det jublast for mål av Trott og veit ikkje heilt kva som skjedde. 0-2 i alle fall og ein lang veg tilbake. Etter dette slit vi med for lang avstand til Trott-spelarane, litt for mykje feilpasningar når vi har ball og må bruka krefter på gjenvinning. Trott spelar mykje ball i denne perioden og vi slit med å henga med. Dei aukar 2 gonger etter fint spel. Vi legg om til 4-4-2 og kastar Mathias HE opp som spiss for å prøva skapa meir gjennombruddskraft. Vi får eit trøstemål like før slutt ved Sander, eit mål som såg ut som offside frå sidelinja. Men mål er mål:-) Dermed sluttresultat 1-4 og fullt fortent 3 poeng med heim for Trott.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mathias Hansen Eide - flott tilvekst frå Halsnøy

Så god motstand som vi møtte i dag krev at vi er på vårt absolutt beste for å kunna kjempa jevnt. Vi var ikkje heilt der i dag, men gutane skal ha masse ros for å stå på heilt ut og ikkje minst beholda humøret heilt til sluttsignalet gjekk. Det er gode egenskapar å ta med vidare gutar:-). Her gjer kaptein Daniel og ein god jobb med å vera positiv og stimulera medspelarane til ny innsats. God kamp av midtbanedirigenten, men får mykje oppmerksomhet og tøff motstand.

 
Klikk på bilete for full storleik
Tøff motstand for Daniel på midten i dag

Ekstra ros i dag til Tormod som på kort varsel steppa inn for ein skadd Torstein i mål og gjorde ein flott kamp.

 

Laget i dag:

Tormod S. Vårdal, Marcus N. Mathisen, Simen Hellevik Lie, Espen Aakre Sjo, Tarmo Tars, Samson Uppheim, Mads Jørgensen, Ole Martin Byrknes, Lars O. Larsen, Daniel Normann, Mathias Eide Hansen, Brynjar Gjerding, Sander D. Brækken, Mathias Gjelseng.

 

Tore og Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart