|
Knapp siger | | | | | Treningskamp: Trio G16-2 - Rosendal/Trio damer 4-2 (0-2). Vi snakka før kampen om at vi sist gong gjorde ein god førsteomgang og ein svak andre, men at vi trass siger den gong ikkje skulle ta lett på denne kampen. Det var det nok likevel ein del gutar som gjorde og mot eit robust damelag fekk vi ein god porsjon bank før pause. Godt for moralen at vi hevar oss etter kvilen. | | | Vi gjekk i fella underteikna frykta, å ikkje ta heilt kampen på alvor og å ha altfor mange balltouch. Dermed blir det skrøpeleg og lite tempo i spelet vårt, noko som straffar seg. I tillegg brukte vi ikkje kantane slik vi hadde snakka om, men trykka for mykje inn i midten, der stålduoen Kristine og Trude ikkje er gode å hamle opp med for lette, og langt mindre rutinerte gutar. Med det sette vi også heller sjeldan keeper Lea Sofie på prøvar ho trengte anstrenge seg med. Nærast var midstoppar Marcus med ei cornerheading i tverrliggjaren. | | |  | | Godt keeperspel av Aref. |
Ingeborg fekk ballen tilbake etter å ha slått corner, og vrengte ein susar av eit innlegg(?) i bakre vinkel. Ein porsjon flaks, men samstundes ikkje tilfeldig at det kom frå klassespissen deira. Ho sto også for 0-2 rett før pause, då ho distanserte vår stoppar og kom åleine gjennom. Tidlegare kunne ho også sørga for at det vart ekte hat trick, då ho slapp åleine gjennom, men då varta Aref opp med ei strålande reaksjonsredning. | | |  | | Edvin var banens beste. |
Følgjeleg 0-2 til pause og det var ein gaillsur gutegjeng som sette seg på benken. Vel, det nyttar lite å furte over kva vi har gjort, men det var lett å peike på kva som det var råd å gjere betre. Det fekk vi også betre til etter pause, det vart meir fart på ballen og då fekk vi meir tak i kampen. Edvin og Tormod fann etter kvart godt ut av midtstopparjobben, trass i at begge har lite rutine i posisjonen. Edvin fortener bestemannspremien i dag. | | |  | | Strålande assist av Mathias. |
Framover tok vi gradvis meir tak i det og skapte meir. Reduseringa kom frå straffemerket, der Daniel var sikker i si sak etter at Gaute vart felt. Ikkje lenge etter kom 2-2 på dagens flottaste angrep. Erterrisene Mathias og Daniel brukar ofte vel mange touch, men er briljante når dei gjer det enklare. Ein kjapp vegg og eit presist innlegg frå Mathias. Pang på volley frå Hekmat og det sto uavgjort. | | |  | | Hekmat leverte ein flott andreomgang. |
No var vi i dytten og Lea Sofie måtte ta fram sitt beste på eit skot frå Daniel og på ei ny god avslutning frå Hekmat, etter at hybelnabo Omid serverte frå venstre. 3-2 kom på ein noko heldig straffe. Lettvekteren Daniel gjekk i bakken i duell med ein robust midtstoppar, men dommaren si list låg nok i lågaste laget der. Uansett, Jonas tok straffen og 3-2. ' Kort før slutt avgjorde Marcus framom mål etter at Daniel var regissør. Dermed endte det 4-2 etter at vi hadde mest tempo og krefter utover i andreomgangen. | | |  | | Solid kamp av Omid. |
Vi har meir å gå på, men kjekt å sjå gutar trø til i litt meir sentrale roller enn dei gjerne har dei gongene vi har med nokre frå førstelaget. Edvin er nemnt som banens beste. Elles plussar til Hekmat og Omid, samt ein sterk andreomgang av Gaute og Mathias. ' Litt uti første omgang debuterte Mohammad og Yaserullah for oss, og då dei kom innpå hadde vi faktisk ein periode heile 5 afghanarar på banen :) Kampfakta frå KvednabekkjenTrio G16-2 - Rosendal/Trio damer 4-2 (0-2) 0-1 (22 minutt) Ingeborg Ljostveit 0-2 (43 minutt) Ingeborg Ljostveit 1-2 (63 minutt) Daniel Sørtveit (straffe) 2-2 (69 minutt) Hekmatullah Ahmadi 3-2 (73 minutt) Jonas Teigen (straffe) 4-2 (87 minutt) Marcus Nilsen Mathisen | | | Dommar: Isaac Jørgensen. | | | Trio G16 sitt lag: Aref Hosseinizada, Omid Karimi, Marcus Nilsen Mathisen (Jonas frå 75 minutt), Edvin Vågen Bjørgvik, Vegar Teigen (Yaserullah Tarakhel frå 30 minutt, Vegar frå 75 minutt), Gaute Thorkildsen, Jonas Teigen (Tormod Sund Vårdal frå 40 minutt), Mathias Gjelseng, Daniel Sørtveit, Hekmatullah Ahmadi (Marcus frå 85 minutt), Vegard Fausk (Mohammad Barakzai frå 30 minutt, Vegard frå 75 minutt).
Rosendal/Trio damer sitt lag: Lea Sofie Dalland, Kristine Enes Medhaug, Trude Havnerås, Cecilie Håvik, Solveig Bjørnebøle, Mari Furdal, Kjersti Nes, Ida Stensletten, Ingeborg Ljostveit, Sara Guddal, Kari Bråthun, Nora J. Solberg. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |