Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Stortap på Karmøy for G16-1

Det blei tungt i årets første bortekamp for førstelaget vårt på tur til Kopervik. Heimelaget ga seg ikkje før det sto 9-1 i målprotokollen mot eit sjukdomsplaga Trio lag.
 
Klikk på bilete for full storleik
Bestemannsprisen i dag går til Sander

Vanskelig inngang på kampen for laget. Klippen i midtforsvaret, Tarmo, måtte melda forfall allerede i går med sjukdom. Daniel og Brynjar var heller ikkje heilt i form og Daniel måtte gje seg halvvegs i oppvarminga. Kroppen lystra ikkje, og med Tarmo og Daniel ute er mykje av sentrallinja vekke.

Ein del omrokkering frå tenkt oppstilling og vi var dessverre ikkje heilt 'på' frå start. Kanskje var respekten for Kopervik for stor etter at vi prata i garderoben om at det var eit godt lag som vi ville møta med lavt press og stenge rom. I kombinasjon med forfallet frå kapteinen var kanskje dette grunnen til at vi var fryktelig passive i starten. 0-2 etter 7min og gameplan kunne leggast vekk.

Vi løftar oss gradvis og siste halvtimen av 1. omgang er vi faktisk bedre enn heimelaget. Denne perioden endar 1-1, men med eit missa straffespark og 2-3 andre 100% sjansar brent kunne vi fort hatt uavgjort til pause med litt flyt. Brynjar reduserer for oss etter litt klabb og babb etter ein av mange godt slåtte cornerar frå Gaute.

I andre omgang bølgar det litt fram og tilbake og det er åpenbart at neste målet vil verta avgjerande. Dette får Kopervik, 4-1 og dermed går lufta naturlig nok litt ut av det tapre Trio mannskapet på 13 friske gutar. Sjølv om gutane kjempar godt og er flinke til å oppmuntra og vera positive puttar heimelaget på 4 til før sluttsignalet går.

Vi er definitivt ikkje 8 mål dårligare enn Kopervik i kampen. Ser vi eit øyeblikk vekk frå den spesielle starten med 2 enkle baklengs og deretter totalt 5 dødballmål, er det ganske så jevnt også i mål. Vi er litt underlegne på dødball pga fysikk, men det skal likevel vera potensiale for å eliminera ein del av desse.

Dei som viste mest igjen av våre i dag var Mathias og Ole M bak og Sander som spiss. Brynjar gjer ein god kamp med tanke på at han var småsjuk og Jonas er frisk på høgrebacken i andre omgang i sin debut på førstelaget.

 
Klikk på bilete for full storleik
Mathias - god kamp igjen, no som stoppar

Neste utfordring blir Stord heime om ei veke.

 
Klikk på bilete for full storleik
Småsjuk Brynjar åpna scoringskontoen sin i serien i år

Laget i dag:

Torstein S. Olderkjær, Simen Hellevik Lie, Espen Aakre Sjo, Samson Uppheim, Mads Jørgensen, Ole Martin Byrknes, Lars O. Larsen, Mathias Eide Hansen, Jonas Teigen, Anders Eide Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Sander D. Brækken, Gaute Thorkildsen.

 
Klikk på bilete for full storleik
Flott debut på 1.laget av Jonas
 

Tore og Per Einar 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart