 | | 2 mål av Emil i dag |
23.04.17 er datoen for gutane sin første seriekamp i G-14. Spørsmåla er mange før ein ny seriestart. Er me i rute, har me gjort ein god nok jobb i forkant av kampen? Er gutane på, og har dei lyst til dette? Slik kan ein eigentleg halde på med forskjellige problemstillingar i det uendelege. Kampen startar noko famlande og det vert 0-1 etter 6 min. Fram til då har kampen vore jamn og me ser at Øystese er eit lag som prøver å spele fotball. Målet kjem på ein flott kontring for gjestene etter at me har flytta litt for mange folk ukritisk opp og me ikkje er flinke nok i returløpa våre. Dette står seg ikkje lenge. Keeperen til Øystese tek opp eit tilbakespel med hendene og me får eit indirekte frispark innanfor deira 16m. Emil trillar ballen til Erlend som skyt ballen i mål og etter 7 min er me like langt. Etter 31 min får me ein corner som ein forsvarar går noko umotivert opp og lagar hands på, straffe. Denne ekspederer Emil sikkert i mål . 2-1 til Trio. Dette står seg til pause. I pausen vert det fokusert på at me må halde oppe trykket, spele ballen tidleg og vere på. Det siste klarer me dessverre ikkje heilt. Øystese går rett i angrep og lagar 2-2 etter 1 min av 2.omgang. Her var me ikkje klare og det er skuffande når ein ser på kva som var fokuset. Etter 50 min. tek Emil saka i eigne hender (bein) og knallar til frå litt skrått hold og ca.16m. Ballen fyk inn i motsett hjørne og det vert 3-2. 4-2 kjem på heading etter 58 min. Heading av Nicolas etter corner frå Steffen. Eit flott mål av Nico. 5-2 kjem etter 64 min. Eit flott innlegg frå Emil til Mats som klinkar ballen i mål. Dette var ein flott seriestart der alle gutane jobba godt og gjorde ein fin kamp. Ibrahim debuterte for laget og han gjorde fleire flotte redningar. Neste kamp er mot Eikelandsfjorden neste laurdag. Vert spennande å sjå om me klarer å følgje opp den flott innsatsen i dag. Alle gutane skal ha stor honnør for jobben i dag. Vel likevel å gje eit ekstra pluss til Erlend på stopparplass, mange viktige involveringar. Isak viser fine takter i midtbanen og Emil lagar 2 mål. Laget i dag: Ibrahim, Stian, Erlend, Sigurd, Steffen, Sondre, Isak, Brynjar, Nico, Håkon og Emil. Mats inn for Håkon, Ander Olai inn for Stian og Lars inn for Sondre. Eivind N.
|