Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Triostafetten: Tidsplan og informasjon

Tysdag (1.mai) kl 16 brakar Triostafetten laus. Påmeldinga ser veldig bra ut, vi har 45 deltakande lag, så stafetten er nesten like stor som i fjor. Her er viktig og nyttig informasjon, samt tidsplan for arrangementet.
 
Registrering skjer i sekretariatet, som blir plassert på terrassen på tribunehuset (over kiosken, mellom tribunene. Ved registrering må ein bekrefte lagoppstillinga, ein får utdelt løypekart, stafettpinne og startnummer.  
 
Løypekart er også vedlagt nedst i denne artikkelen.
 
Parkering: Vi ønskjer ikkje bilar opp til Triohuset, og oppmodar om at grusbanen brukast til parkering. Dette blir skilta.
 
Garderobar er tilgjengeleg på Triohuset.
 
Det vil vera kiosk i tribunehuset med sal av pølser, kaker, is, kaffe, smoothie, saft og vatn.
 
Vegleiande tidsplan:
Frå kl 15: Registrering i sekretariat
Kl 15.30: Felles oppvarming, aerobic!
Kl 15.45: Info til lagleiarar rekrutt (ved start).
Kl 16.00: Start 4x 100m rekrutt (6-9 år).
Kl 16.40: Start gutar klasse 10-11 år, stadion.
Kl 17.00: Start jenter klasse 10-11 år, stadion.
Kl 17.20: Start jenter/gutar klasse 12-13 år.
Kl 17.40: Start jenter/gutar klasse 14-16 år.
Kl 18.00: Start herreklasse, stadion.
Kl 18.30: Avslutning
 
Alle start, og dei aller fleste vekslingar går føre inne på stadion, framom tribuna.
Rekruttklassen spring 4x100 meter. Det er tre heat, og kvart heat gjer unna stafetten to gonger før neste heat startar.
 
Premieutdeling blir fortløpande klassevis inne på stadion.
 
Vel møtt til ein triveleg og strålande dag i Husnes idrettspark!
 
- Friidrettsgruppa
 
 
Loypekart_Triostafetten2018.pdf
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart