Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Snudde med sterk andreomgang

Klikk på bilete for full storleik
Jubel etter siger mot Os.
 
G16: Os2-Trio2 2-4. Gutane tok turen til ærverdige Kuventræ for historiens seinaste seriestart. Godt vi har hatt ei dugeleg budde med treningskampar, for no var kamp-abstinensane til å ta og føle på. Det ønskte vi å utnytte ved å ta kommandoen frå start. Det gjorde vi også, men det tok si tid før vi fekk utteljing. Då den først kom, løysna det skikkeleg.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ivrig supportargjeng.
Vi tok tak i kampen og pressa godt det første kvarteret. Berre 13 minutt ut i kampen fekk vi straffe. Vegard F hadde ein stor sjanse, og Hekmat vart felt då han skulle sette inn returen. Dermed blas kampens rutinerte og stødige dommar. Han har elles svigerforeldre frå Husnes, Peggy og Olaf Johnsen. Nordmøringar, til og med! I alle høve, Daniel sette straffen utanfor stolpen, og vi var like langt.
 
Etter kvart kjempa Os seg meir inn i kampen og det var relativt jamnspelt og sjansefattig. Etter knappe halvtimen gjekk heimelaget i føring, etter litt kommunikasjonssvikt. Viss keeper gjev klår beskjed i slike tilfeller, unngår vi slike baklengs. For vår del vart det ei noko rotete avslutning på omgangen. Daniel fekk gult for å skyte etter at dommaren hadde blese (5 minutt soning), Erik kom inn for Mathias som aoa foten, og nærare pause kom Sander inn for ein Jonas, som var blitt vel heit i toppen. Det tok litt tid å kome i gjenge igjen, og 1-0 sto seg til pause, etter at Omid og Alen hadde hatt eit par gode forsøk på tampen.
 
Ein banan og litt peptalk med tru på at vi skulle snu dette, såg ut til å hjelpe. For vi gjekk ut og tok skikkeleg tak i det i andre. Jonas kom inn att på midten og vi flytta Daniel ut på kant, samstundes som Omid kom fram på motsett kant. Det gav oss mykje tempo på sidene. Ei god ballvinning og fint gjennomspel frå Sander, gav Omid moglegheita. Han traff nettveggen, og det gjorde også Gaute rett etter.
 
Klikk på bilete for full storleik
Simen var banens beste.
Men ting var på gang. Bakover hadde Espen og Simen stålkontroll i midtforsvaret, med eitt unnatak. Då kom brått Os-spissen åleine gjennom og scora sikkert. 2-0 var ein kalddusj, men det gjorde berre godt i sommarveret. For vi køyrde på og det var utruleg at ballen ikkje gjekk i mål på Daniel sin dobbelsjanse. Så serverte han eit flott innlegg, som Omid hamra like utanfor på heil volley. Skulle dette vera one of those days?
 
Neida, vi pressa så hardt at belønninga måtte kome. Etter at Daniel gjorde alt forarbeidet og skar inn frå kant og la ut, drog Sander av ein mann og sette reduseringa sikkert i hjørnet. Og no gjekk det fort. Berre tre minutt seinare var vi a jour, då Gaute drog fram hovmeisterfoten og la eit framifrå gjennomspel på foten til Daniel. 2-2 og framleis over ti minutt att!
 
Vi ville ikkje gje oss med dette og satsa alt vi hadde framover. Robuste Alen hadde gjort ein god jobb som oppspelspunkt på topp, men no kom tida for enda meir tempo. Hekmat inn på topp, Daniel gjekk inn som hengande spiss og Mathias opp på kant. Her skulle eit slitent Os-lag verkeleg få tynt seg i sluttminutta. Og det vart eit stormløp mot Os-målet. Ny krempasning frå Gaute, men Daniel traff stolpen.
 
Klikk på bilete for full storleik
Strålande kamp av Omid.
SÅ, endeleg! Vi avgjorde kampen på to minutt med to prikklike mål. Tormod spelte fri Mathias på høgrevingen, han skar inn og avslutta på keeper. Der var Hekmat på plass og banka inn returen. Og to minutt etter var det Mathias som sendte Sander gjennom på same høgrekant. Ny retur etter skot frå skrått hald, og denne gongen var det Omid som var frampå. 2-4 og full jubel.
 
Fortent siger og solid laginnsats. Trekkjer særleg fram Simen, som var stødigare enn nokon gong i midtforsvaret i lag med Espen. Og plussar til Omid for ein knallgod kamp både som back og ving. Då er det heimekamp neste helg når Moster kjem på besøk.
 
Klikk på bilete for full storleik
Stemning på stadion.
Etter kampen tok heile gjengen turen til Brann stadion og såg heimelaget nesten gruse Viking. Det einaste som øydela ein perfekt dag, var kampens siste ballberøring. Trur i grunn ikkje det var så veldig mange som fekk øydelagt humøret på vegen heim llikevel :) 

Kampfakta frå Kuventræ 1

G16: Os2-Trio2 2-4 (1-0)
1-0 (25 minutt)
2-0 (53 minutt)
2-1 (63 minutt) Sander Dolonen Brækken
2-2 (67 minutt) Daniel Sørtveit
2-3 (73 minutt) Hekmatullah Ahmadi
2-4 (75 minutt) Omid Karimi
 
Gult kort: Daniel Sørtveit og Tormod Sund Vårdal.

Trio sitt lag:
Tormod Sund Vårdal (Aref Hossainizada frå 40 minutt), Omid Karimi, Simen Hellevik Lie, Espen Aakre Sjo, Mathias Gjelseng (Erik Thomas frå 25 minutt, Tormod frå 60 minutt), Gaute Thorkildsen, Jonas Teigen (Sander Dolonen Brækken frå 34 minutt), Daniel Sørtveit, Hekmatullah Ahmadi, Alen Foric (Hekmat frå 68 minutt), Vegard Fausk (Vegar Teigen frå 35 minutt, Vegard frå 73 minutt).
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart