Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Knepent tap for J13 i serieåpninga

Klikk på bilete for full storleik
Lagbilde i nye NIKE-draktar:-)
 
J13: Rosendal - Trio 3-2 (2-1)
Småjentelaget møtte tirsdag kveld Rosendal til si serieåpning i flott ver på kunstgraset i Rosendal. Jentene leverte ein god kamp, men hadde ikkje heilt marginane med seg og måtte til slutt sjå seg slått 3-2 av eit bra Rosendal lag.
 
Klikk på bilete for full storleik
2 mål på Julie mot Rosendal

Jentene gjekk ut i hundre, anført av Julie og Synna. Flott angrep på høgre sida direkte frå avspark. Innlegg frå Julie som Synna klinkar oppe i venstre stolpe på heil volley med venstre fot. Det kunne blitt årets mål etter 40 sekund! Etter denne sjokkstarten frå våre jenter jevna det seg litt meir ut, med eit lite spelemessig overtak til oss. Rosendal er farlige på langskot og noken høge ballar som Malene heldigvis rekk i full strekk. Så kjem ein av fleire avgjerande dommaravgjersler som gjekk mot oss i dag. Julie startar perfekt på eit gjennomspel i bakrom (Trio delegasjonen står på linje med ho). Ho vinn duellen med keeper og sett ballen i tomt mål til stor jubel hos jentene i raudt. Skuffelsen var stor då det blir annulert, vi får tru det var for offside, ikkje lett for dommar aleine desse situasjonane:-). Etter eit kvarter sitt den endelig. Ida var frisk på venstrekanten og fyrer eit godt skudd frå skrått hald. Keeper får slått den bakover og der kjem Julie og nikkar den inn i tomt bur. Ikkje lenge etter kjem utlikninga. Vi har egentlig kontroll i situasjonen føre, men i vår iver etter å ta ned ball og prøve spele, gjekk det den gongen feil. Slikt skjer, fortsett å ta ned ball og spel jenter:-). Det går inn et langskudd før omgangen ebbar ut og Rosendal leiar noko flatterande 2-1 til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp på midtbanen av Synna

I pausen får jentene skryt for ein god omgang det er lite å sette fingeren på. Linnea har komt til direkte frå Haugesund og er klar for å bidra i andre omgang. Sluttomgangen er i stor grad eigd av Trio jentene. Vi skapar masse sjansar og cornerar, men får ikkje mål. Då skjer det som ofte skjer i fotball, Rosendal scorar på ein sjeldan visitt på nok eit langskudd, igjen utagbart for Malene som spelte ein flott kamp i målet. Så kjem ei flott redusering av Trio jentene. Linnea drar ein vakker 2-fots dribling på midtbanen og spelar deretter Julie fri aleine med keeper. Ho gjer ingen feil og det står 2-3 med ein god del minutt igjen på klokka. Vi begynner å bli slitne, men skapar fortsatt masse og stressar Rosendal forsvaret. I ein situasjon spelar ein Rosendal spelar KONTROLLERT til keeper som velger å ta ballen opp, uten at det blir blåst indirekte frispark. Ein mulighet frå 1,5-2 m kunne vore den fortente utligninga vi jakta på, men den fekk vi altså ikkje. Rosendal trenar Håvard Sætrevik sa vel noko slikt som 'kanskje ikkje heilt fortent' etter kampen, men Rosendal laget skal ha ros og var betydelig bedre enn i fjor då dei hadde 2 jevne lag i serien.

 

Vi på vår side får til masse av det vi er enige om å prøva på før kampen og då må vi vera nøgde uavhengig av resultat og gje masse ros til LAGET. Vi gir ikkje vekk 'gratissjansar' bak etter igangsetting, vi finn spelpunkt oppe i banen frå forsvaret, vi har mange veggkombinasjonar og vi skapar masse sjanser. Einaste som mangla var fleire mål, så hadde resultatet blitt eit anna og:-) Ein god kamp av alle jentene og masse bra å bygga videre på! Ekstra pluss i dag til Julie som var ein konstant trussel for Rosendal forsvaret og Synna som la ned ein kjempejobb sentralt på midtbanen til kreftene tok slutt 7 minutt før slutt.

 

Neste kamp er heime mot seriefavoritten Trott på Kvednabekkjen mandag 15/5.

 

Laget i dag:

Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Margrethe N. Hillestad, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Lotte Ness, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland.

 

Synne, Bjørn & Per Einar

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart