Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

A-laget: Trio - Fitjar 4-1

Klikk på bilete for full storleik
 
I flott vårsol tok Trio i mot Fitjar til dyst på Husnes Stadion torsdag kveld. Etter ein dårlig første omgang der Fitjar leda 1-0 så løfta Trio seg betraktelig i andre omgang og feide Fitjar av banen med å scora 4 mål på 20 minutt.
 

Lagoppstilling: 4-3-3

 

Eirik Werner Eikeland
Mats Mo, Futsum Mebrathu, Åsmund Voster (C), Erik Voster Solber
Håvard Haga, Eivind Tufta Saghaug, Andreas Thorkildsen
Alkan Abdula, Andreas Charter Vågen Røyrvik, Nikolai Bendiksen Mayer

 

Første omgang er ikkje så mykje å skriva heim om. Trio er det beste laget men klarer ikkje å trenga igjennom Fitjarforsvaret. Fitjar er farlige på kontringar men Trio rydder bra opp. Målet til Fitjar kjem etter bare 10 minutt då Fitjar får frispark fra ca 20 meter. Skotet går rett i mål og keeper Eirik burde nok tatt den. Han var tydelig missnøgd med seg sjøl og beklaga seg til lagkameratane.

 

Aleksander må ha sagt nåke fornuftig i pausen for det var eit heilt anna Triolag som kjem på banen i andre omgang. Folk involverer seg meir og virkar meir tente. Dødballar og innkast blir tatt hurtigare og Fitjar slit med å henga med.

 

1-1 målet kjem frå straffemerket etter at ein Fitjarspelar brukar handa etter ein Triodødball. Eivind var sikkertheten sjøl og sendte ballen til venstre for keeper.

 

Trio presser på og 10 minutt ute i omgangen får Trio 2-1. Eivind skjerer inn frå høgre og drar av nokre mann. Med venstrefoten curler han ballen nede ved venstre stolperot. Flott scoring av Trios toppscorar.

 

3-1 kjem etter eit mønsterangrep. Eivind fører ballen langs høgresida og sender ein lang ball mot Erik på motsatt side. Han tar den med seg nokre meter før han finner Allkan på 5 meter. Han får vendt opp og legger ballen kontrollert til side for keeper.

 

4-1 er ikkje lika vellspelt men starter med at Charter prøver å stikka gjennom til Martin. Ballen treff ein Fitjarforsvarar som kløner det til for seg sjøl. Martin får pirka ballen med seg og er plutselig aleina med keeper. Han sender den gjennom beina på keeper og setter med det spikeren i kista.

 

Ein må også nevna dagens skot. Håvard Haga står på ca 35-40 meter og kliner til. Skotet går faktisk lenger vekk fra mål en det Haga er og treff nesten Triobenken. Haga sendte ein humoristisk tommel opp til publikum.

 

Eit anna skot som må nevnast er brassesparket til Futsum(!). Etter ein corner dabber ballen på ca 12 meter og med ryggen til mål så hiv Futsum seg rundt og brasser ballen i tverrligaren! Eit gisp gjekk gjennom publikum men keeper klarte å rydda opp.

 

Ein lokal jury kåra Erik Voster Solberg til banen beste. Han var den einaste som fekk godkjent etter første omgang og var innvolvert i alle scoringane.

 

-Henrik L. Røssland-

 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart