Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Ikkje spelet som varma mest

Klikk på bilete for full storleik
Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen.
 
G16: Trio2-Moster 5-3. Gutelaget gjorde ikkje all verdas prestasjon i solsteiken mot Moster på Kvednabekkjen. Nokre av gutane lurte på kvifor i alle dagar vi spelte midt på dagen når det var så varmt, men terminlista var gjerne sett opp på ein ørlite kaldare dag. Moster har lite folk og stiller 9arlag i serien. Vi har alt anna enn lite folk og mønstra 18 mann, som alle fekk kvar sin omgang, i to bolkar.
 
Moster mangla nokre spelarar til denne kampen grunna konfirmasjon, og burde då vera ei overkommeleg oppgåve. Men vi sleit gjerne meir enn gutane hadde rekna med. Kanskje tok einskilde litt lett på oppgåva. For det var eit godt stykke ut i andre omgang før vi snudde Moster si 1-2 og sidan 2-3-leiing.
 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp av Espen.
Tanken var å byte heile førsterekkja i pausen, men grunna varmen vart det endra til at heile laget byta midt i kvar omgang. Førsterekka tok tak i kampen og hadde mest sjansar, utan at dei vart veldig store. Omid, Alen og Gaute skulle no likevel scora på sine. Defensivt hadde vi god kontroll utanom på daudballar, der Moster var sterke. På 9arkamp frå 16m til 16m vart plutseleg frispark frå midten til målsjanse. Og beste langskotet smalt i tverrliggjaren bak Aref.
 
Klikk på bilete for full storleik
Daniel var på hugget i dag og var banens beste.
Nye 9 mann på banen midt i og dei gjekk umiddelbart i føring. Eit framifrå veggspel mellom Daniel og Marcus, før førstnemnte sitt innlegg (for det var vel det det var) gjekk over keeper og datt inn i nota. Sander heada ein corner frå Vegard like over og Daniel var farleg framme på eit gjennomløp, men i staden utlikna Moster på straffe etter slurv frå oss. 1-1 midtvegs kunne vi ikkje vera nøgde med. Vi hadde mange gjennomløp på kantane som vart avblåst for offside. Alle var nok ikkje korrekte, men uansett; litt meir tålmod på vingane, og vi hadde skapt haugevis med sjansar.
 
Klikk på bilete for full storleik
Endeleg scoring for Alen.
Dårleg start på andreomgang, då ein keepermiss gav 1-2. Espen syntest ikkje noko om det og var farleg nær å utlikne på ein corner. Men vi stressa vel mykje og hadde det litt for travelt med å gjere ting sjølv eller avslutte tidleg. Etter mykje mas om å halde roa og la ballen gå, fekk førsterekka utlikning straks før dei var ferdige. Eit skot frå Jonas gav retur til tanksenter Alen, og han hamra den fortent i nota.
 
Klikk på bilete for full storleik
Vegard punkterte kampen.
Men Moster var ikkje ferdige og gjekk opp i 2-3 på ein overgang. Likevel var ikkje underteikna særskild bekymra. Berre vi klarte å halde tempoet oppe, så ville dette kome. Og det tok ikkje lange minutta før Daniel scora sikkert etter gjennomspel frå Sander.
To debutantar i dag, Yaser og Mohammad. Yaser hadde ein ball i nota som vart avblåst for offside, men Mohammad var heldigare. Etter retur på eit skot frå Vegard, var han framme og sette inn leiarmålet, 4-3. Og framleis 6 minutt att på klokka.
 
Vi køyrde på og i siste minutt punkterte Vegard kampen då han sette inn ein retur med magen, etter at Daniel hadde vore frampå. Alt i alt ein fortent siger, men utan at vi lukkast nok med å få tempo i spelet vårt. Vi har meir å gå på.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio2-Moster 5-3 (1-1)
1-0 (22 minutt) Daniel Sørtveit
1-1 (34 minutt) straffe
1-2 (42 minutt)
2-2 (55 minutt) Alen Foric
2-3 (64 minutt)
3-3 (67 minutt) Daniel Sørtveit
4-3 (74 minutt) Mohammad Barakzai
5-3 (80 minutt) Vegard Fausk
 
Dommar: Åge Eide, Leirvik BK
Gult kort: Jonas Teigen
 
Trio sitt lag:
Aref Hossainizada, Mathias Gjelseng, Espen Aakre Sjo, Edvin Vågen Bjørgvik, Omid Karimi, Gaute Thorkildsen, Jonas Teigen, Hekmatullah Ahmadi, Alen Foric.
Tormod Sund Vårdal, Samson Nyrud Uppheim, Tarmo Tars, Yaserullah Tarakhel, Daniel Sørtveit, Sander Dolonen Brækken, Marcus Nilsen Mathisen, Mohammad Barakzai, Vegard Fausk.

- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart