Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

G-14 Trio - Halsnøy 9àr.

Klikk på bilete for full storleik
2 mål og flott innsats av Emil
 
Torsdag 11/5 var det duka for lokaloppgjer mellom Trio ogHalsnøy i G-14 klassen. Kampane mellom desse 2 laga har som regel vore veldigtette og det vart det også i dag med mange mål og tidvis tøffe duellar av 2hardt kjempande lag.
 
Klikk på bilete for full storleik
Mål av Steffen.

Halsnøy går tidleg opp i ein 1-0 leiing. Dette skjer etterberre 3 minuttar og var vel ikkje heilt etter vår plan. 1-1 kjem ved Stianetter 19 minuttar.

 
Dette står seg ikkjelenge for berre 1 minutt seinare er Halsnøy i ny leiing og etter 25 minuttarlegg dei på til 1-3. Dette er slettes ikkje bra, sett med Trio auger. Rett førpause reduserer Emil til 2-3 som står seg ut omgangen.
 

Pausepraten vert brukt til å snakke om kva me må legge vektpå i 2.omgang. Me må prøve å spele ballen meir og tidlegare. Me må prøve åunngå å lage frispark på eigen banehalvdel og me me få opp meir bevegelse.

2.omgang starta som den første. I staden for at me klarer åfå til ein redusering så går Halsnøy opp i ei ny 2 målsleiing. Dette skjeretter 6 minuttar av omgangen. Ikkje bra.

 
Så kjem det 2 magiske minuttar der Emil og Steffen lagar mål etter 12 og13 minuttar. Balanse i rekneskapen.
 
Dette likar tydelegvis ikkje Halsnøy og då er det på tide medkeeperbytte.
 
Kampen hardnar litt til ogdet vert litt stillingskrig med sjansar til begge lag. Halsnøy klarar først ålage mål. Rett før ordinær tid er ute går bortelaget opp i 4-5 leiing. Ikkjebra og det kan gå mot eit kjedeleg
 
tap. Tidaer ute, men då kjem det frå dommar: «Eg legg til 5 minuttar pga keeperbytte somtok lang tid»
 
Dette viser seg å vereheldig for oss. 3 minuttar på overtid får me eit frispark ute på vår v-side.Erlend vil, som vanleg, ta dette. Denne gangen er det eit heldig val. Ballenfyk som eit prosjektil
 
inn i målet ogdet står 5-5. Halsnøy får tatt avspark og så bles dommaren, Svein ArildKjærland, av kampen.
 

5-5 i ein særdeles underhaldande og spennande fotballkamp mellom2 lag som hadde litt forskjellig tilnærming til fotballspelet. Eit slo konsekventlangt og eit som prøvde å halde ballen på bakken og spele seg ut. For oss iTrio er det god øving å møte slik motstand og me ser at me manglar litt fysikki laget vårt. Difor lyt me jobbe meir med å spele ballen og prøve å unngå å gåi «krigen» med motstandaren.

I dag så viser Emil seg godt fram. Han er ikkje den størstekaren, men han vil heile tida. Han får juling men børstar det av seg ogfortsetter, det er bra. Me ser også at det er viktig med fysikk i dei bakrerekker og dette er det Erlend som er eksponenten for.

Alt i alt ein kamp litt under pari, tykkjer eg. Nestetorsdag, 18/5, vert det ein ny tøff batalje. Då skal me til Rosendal og kampanemot dei har også alltid vore tøffe og tette. Då er det viktig at fleire er «på»og vil meir enn mot Halsnøy.

Eivind N.

 
Klikk på bilete for full storleik
Utlining på overtid av Erlend
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart