Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Litt heldig siger

Klikk på bilete for full storleik
Lagbilete: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen.
 
G16: Njardar/Tysnes-Trio2 2-3. Gutelaget gjorde ein ok og ein laber omgang på Tysnes søndag ettermiddag. Og med hjelp av Aref i mål, tverrliggjaren og fru Fortuna, så rodde vi i land ein knepen siger.
 
Klikk på bilete for full storleik
Aref var banens beste.
Vi sette att kapteinen og keeperen ved avreise, til fordel for ekstraundervisning før eksamen uti veka. Likevel var vi 15 mann, og det held rikeleg når motstandaren er 9arlag. Heldigvis siste 9ar i denne omgang. Ikkje noko gale med den speleformen, men litt slitande når vi har haugevis av masete spelarar som ønskjer seg ut på banen.

Vi fokuserte difor på å få tempo på ball og å jobbe knallhardt i den tida vi hadde på banen. Det gjekk nokolunde bra i første omgang, men etter pause leverte vi heller skrøpeleg.
 
Klikk på bilete for full storleik
Praktvolley av Sørtveit'en.
Ein pangstart for vår del. Vi gjekk rett opp og trykka på og etter 68 sekund scora vi på vår andre sjanse. Yaser spelte fram Sander på høgresida og han la eit godt innlegg. I midten dukka Daniel opp og traff like godt på heil volley som Brannback Kristiansen i går. Berre frå litt kortare avstand, men i staden med venstreslegga. 0-1.
 
Klikk på bilete for full storleik
Flott mål og assist av Vegard.
Sidan jamna det seg meir ut, sjølv om vi hadde eit visst tak på det. Espen, Sander og Omid hadde alle gode sjansar, men i staden var det heimelaget som utlikna då vi ikkje fekk klarert etter eit frispark. Vi sleit elles litt med å falle djupt nok på lange utspark frå Njardar sin keeper, og då vi var rett så ubesluttsame på ein slik, endte det med plunder og heft og ein ny ball som datt i mål. 2-1.
 
Klikk på bilete for full storleik
Espen, matchvinnar for første gong i karriera.
Men vi svara på direkte. Daniel skar inn frå høgrevingen og fann Vegard på motsett. Han banka utlikninga i mål. Det lei etter kvart mot pause, men det siste som skjedde før dommaren gav klarsignal for kaffi og frukt var at Vegard traff Espen sitt hovud med ein corner. Ei flott heading og 'målmaskina' vår sørga for at vi var i føring midtvegs.

Ein god del endringar utover i kampen, men vi klarte ikkje å halde oppe det trykket vi ønskte. Det vart for mykje føring og dårlege valg, noko som gjorde at vi kom til få store sjansar i andre. Njardar fekk heller ikkje så mange, men dei 4 dei hadde, var til gjengjend enorme. To gonger fekk Aref slått med naud og neppe i tverrliggjar og han greip også inn då det trengte elles, eine gongen med hjelp frå Marcus.
 
Alt i alt var det først og fremst vår stødige keeper som sørga for at kampen ebba ut med 2-3-siger. Hekmat, Marcus og Sander hadde våre beste tilbod, men underteikna hadde forventa meir tempo og trøkk framover. Vi må opp med nivået til komande kampar, karar! Nye moglegheiter allereie på fredag, når Trott2 kjem på besøk. 

Kampfakta frå Reiso kunstgras

G16: Njardar/Tysnes-Trio2 2-3 (2-3)
0-1 (1 minutt) Daniel Sørtveit
1-1 (16 minutt)
2-1 (29 minutt)
2-2 (31 minutt) Vegard Fausk
2-3 (40 minutt) Espen Aakre Sjo
 
Trio sitt lag:
Aref Hosseinizada, Yaserullah Tarakhel, Simen Hellevik Lie, Edvin Vågen Bjørgvik, Daniel Sørtveit, Espen Aakre Sjo, Sander Dolonen Brækken, Omid Karimi, Alen Foric.
Innbyttarar: Hekmatullah Ahmadi, Vegard Fausk, Mathias Gjelseng, Marcus Nilsen Mathisen, Jonas Teigen, Mohammad Barakzai.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart