Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tap for småjentene mot Trott

Klikk på bilete for full storleik
Tap for småjentene trass god kamp
 
J13: Trio - Trott 3-6 (2-2)
I sin første heimekamp som nytt lag etter samanslåinga av fjorårets J12-lag i Trio og Ternen, skulle Trio-jentene opp mot serieleiar Trott. Eit tøft lag med 5 Sone Sunnhordland jenter. Etter ein god kamp av våre jenter holdt vi følge til 3-3, men måtte til slutt gje tapt 3-6.
 

Etter ein nølande og forsiktig start av våre jenter som resulterte i 0-2 tidleg, reiste dei seg mesterlig utover i første omgang. Astrid reduserer til 1-2 med ei kanon i stolpe inn etter god jobb av Julie i forkant. Ei fortent utligning kjem ved Synna som lobbar ballen vakkert over Trott keeperen og i nota, igjen etter god duellering i Trott-sona. Dette står seg til pause etter ein heilt jevn og god omgang av oss.

 

Trott går igjen i føringa tidleg i 2. omgang. Nok ein gong slår vi tilbake etter god innsats og duellering. Denne gong ved våre 2 yngste jenter, Leah (11) og Margrethe (12) på høgresida. Dei får ballen inn til Julie som ikkje lar seg be 2 gonger og like langt igjen. Etter 50 minutt har vi spelt heilt jevnt med Trott og held dei til 3-3. Så kjem 2 flotte enkeltprestasjonar av Trott. Eit dribleraid på venstresida vår til 4-3 og ein susar på frispark til 5-3. Det blei for mykje for jentene og lufta gjekk litt ut. 6-3 kjem like før slutt og det blir og sluttresultatet.

 

Ein godt gjennomført kamp av jentene og vi viser at vi ikkje er langt bak Trott. Julie viser storform om dagen og var vår beste, ho var vond å bryna seg på for Trott forsvaret. Leah er frisk den tida ho spelar og viser at ho har tatt store steg og at ho kan bidra på 13-års nivå, bra Leah:-). Ellers jevnt bra innsats av heile gjengen etter den labre starten der ingen var heilt 'på'.

 

God dommar var Isaac Jørgensen.

 

Neste oppgaver er no litt hospitering for noken på J16 (16/5) og J14 (18/5). Deretter tar vi turen til Moster neste veke for kamp mot dei onsdag 24. mai. Då går jentene for årets første poeng:-) 

 

Trio sitt lag:

Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Margrethe N. Hillestad, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Astrid H. Borgen, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland.

 

Synne, Bjørn & Per Einar

 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart