Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Flott seier til jentelaget mot Haugar 3

Klikk på bilete for full storleik
Flott seier for jentelaget dagen før dagen
 

J16: Trio - Haugar3 6-1 (3-0)
Etter eit par stygge tap slo jentelaget tilbake i kveldens kamp mot Haugar 3. Etter ein godt gjennomført kamp scora dei 3 fine mål i kvar omgang og tok ein flott 6-1 seier.
 

Det var ein tent gjeng som var sultne på poeng i dag. Det var likevel ein noko famlande start i ein 4-5-1 formasjon, der ein sleit med å setta noke spel og setta gjestene under særlig press. Det var likevel ikkje ufortent då Ida med eit langskot sendte heimelaget i ledelse. Ida var stadig farlig på venstresida og ikkje lenge etter dobla ho til 2-0. Så får to 13-åringar sin debut på jentelaget, Synna Gjerding og Julie Ersland. Synna har noken gode involveringar, men må så ut med skade etter ein overtrakk. Julie markerte seg skikkelig og trengte ikkje meir enn 5 minutt på å auke til 3-0 på sin første sjanse. Det blir og pauseresultatet, bra gjennomført omgang av Trio.

 
Klikk på bilete for full storleik
Måla i dag: Julie (2), Ida (2), Sofie (1), Hedda (1)

Andre omgang startar svakt som første og då nyttar Haugar høvet til å setta inn ei redusering til 3-1. Men det var ingen tvil om kem som skulle vinne dette. Julie, Sofie og Hedda puttar på 3 til og dermed 6-1 seier.

 

Kampen i dag var eit stort steg framover i forhold til jobbing og innsats, som er essensielt i fotball. Alle skal ha ros for å stå på heile tida. Banens beste i dag var Cecilie i si djupe midtbanerolle. Jobbar enormt, dekkar stort område og vinn svært mange ballar for laget. Mykje gode pasningar også. Luwam rydda godt opp og var god å ha i midtforsvaret. Ida var frisk på venstrekanten gjennom heile kampen. Ellers skryt til Julie for ein flott debut med 2 mål og 1 assist på 40 minutt:-)

 

God dommar var Steinar Sæther, Odda

 

Trio sitt lag:

Cecilie Håvik, Else Lovise Risa, Frøya Haugland, Christine Madsgård, Maria Fjellandsbø, Hedda Tangstad, Emilie Askeland, Ida Stensletten, Sofie Lillesand, Malin Saug, Luwam Michael Kahsay,Celina Prestnes, Nadine Attille, Mia Høydal, Malin Blokhus, Julie Ersland, Synna Gjerding.

 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart