|
Nær årets første poeng for G16-1 | G16: Trio 1 - Sveio 1-2 (0-0) Trio gutane kjempa som bare det mot eit godt og fysisk overlegent Sveio-lag og kunne i kampens siste situasjon blitt belønna med eit poeng. Men skuddet til Tarmo blei for svakt og dermed enda det med ein fortent bortesiger til Sveio. | | |  | | Mål i 3 kampar på rad av Sander |
Heile kampen blir egentlig prega av at Sveio er større og sterkare enn oss og når vi vinn ball fryktar vi litt neste duell og sender den frå oss litt for tilfeldig, litt for ofte. Vi har hastverk og sparkar meir enn vi spelar. Det blir det bare nye duellar av og i den idretten er vi ikkje veldig sterke og ihvertfall svakare enn Sveio i dag:-) Det går akkurat litt for fort og er litt for tøft i forhold til der vi var i dag. Dette kan vi kun endra på med å løfte både fysisk intensitet og tempo på våre egne treningar ytterligare. Gode nok er vi. | | | Første omgang ebbar ut mållaus, og det var det vi som kunne vera mest nøgd med. Sveio var best og hadde både mest ball og mest sjansar. Men vi kjempa godt og klarte å stå i mot og holdt nullen første 40. Mads slit med hovudverk og gir seg i pausen og vi mistar ei viktig offensiv slagkraft. | | | Andre omgang er ikkje meir enn 3 minutt gammal når Sveio går opp i ledelsen på noko som normalt ikkje blir ein sjanse og bør kunna løysast mellom stoppar og målvakt. Torstein kjem på halvdistanse på eit langt gjennomspel og Sveio spelaren får den med og sett den i tomt bur. Vi svarar imidlertid med ein gong. Sander er nett blitt flytta opp som spiss og får eit lekkert gjennomspel frå Daniel N. Åleine med keeper er Sander sikker og set den rolig i hjørnet med venstre fot. Flott angrep og mål av lysluggen som alltid er ein trussel i bakrommet. Vi slepp Sveio til mindre i sluttomgangen, men 13 minutt før slutt glipp det. Midtstopparane våre gløymer markeringa eit øyeblikk og ligg litt langt framme i målgården på eit innlegg frå venstre og ein ensom spiss bak dei sett den utagbart bak Torstein. Vi produserer eit par halvsjanser og har ein stor ved Tarmo like før slutt, men alt i alt ein fortent seier til bortelaget. | | | Vi er nærmare poeng enn i dei første 2 oppgjera og viser at vi kan bita fra oss i denne tøffe pulja. Vi må jobba vidare med å bli tøffare i duellspel og tørre roe ned med ball i mykje større grad. | | | Laget i dag: Torstein S. Olderkjær, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Selmer Bondhus, Samson Uppheim, Mads Jørgensen, Ole Martin Byrknes, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mathias Eide Hansen, Daniel Sørtveit, Anders Eide Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Sander D. Brækken, Gaute Thorkildsen. | | | Neste mulighet på tirsdag på Karmøy, mot Torvastad. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |