Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

På tide med eit tap

Lagbilete: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen.
Lagbilete: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen.
 
G16: Trio2-Trott2 1-4. Gutane har starta sesongen med tre strake sigrar, og slik sett var det på tide å kome ned på jorda mot Trott på Kvednabekkjen fredag kveld. Med skader på fleire av dei mest sentrale undervegs, vart det litt uerfarent i ein del sentrale rollar. Men kjekt å sjå at fleire står fram med god defensiv jobbing.
 
Klikk på bilete for full storleik
Særs god kamp av Aref.
Vi spelte 4-4 i treningskamp borte mot Trott i mars, men underteikna hadde rekna med det skulle bli litt tøffare i dag. Likevel ein ok førsteomgang, der vi var litt uheldige som låg under midtvegs. Etter frispark frå Marcus, sto Omid særs åleine på femmeteren, men skaut imponerande høgt over. Kort etter varta Aref opp med ei kjempredning, då han plukka ein ball på veg mot vinkelen. Heldt ballen, gjorde han og!
 
Klikk på bilete for full storleik
Klassemål av Tormod.
Så fekk vi eit unødvendig baklengs då vi gløymde å dekke på corner. Men ikkje lenge etter var vi a jour, også det etter corner. Ein flott serve mot første stolpe frå Gaute, og der stupar Tormod fram og stangar den via stolpen og inn, med høg presisjon, råskap og vilje. Herleg! Tormod er elles kjent som keeper, men var back i dag.

Vi klarte elles ikkje å etablere så mykje godt angrepsspel, men heldt greit tett bakover. Slik sett surt at Trott fekk gå i føring på ein overgang i det dommaren blas til pause.
 
Andre omgang vart tyngre. Både Gaute (2 gonger!), Espen og Simen måtte ha sine turar på benken etter tøffe smellar, og då vart det tøft på dei andre. Tormod måtte også ut ein tur etter å ha fått eit knallskot i stellet, men etter ein kort pause, fann han ut det var like greit å satse på fotballen, sidan familieplanane no kunne leggast permanent på hylla.
 
Trott heldt eit spelemessig overtak omgangen gjennom og det vart mest slit for vår del. Midt i omgangen la dei på til 1-3, nok ein gong etter at vi ikkje er besluttsame nok på defensiv dødball. Og ti minutt før slutt kom også 1-4. Greit nok, tapet var det ingenting å seie på.
 
Likevel:
Ein pluss til Tormod for solid backspel og ei perlescoring!
Ein stor pluss til Edvin, som framstår som ein robust forsvarar og med ro til å slå gode pasningar.
Ein kjempepluss til Aref, som igjen var banens beste og imponerte i buret.
God kamp av Samson sentralt på midten.
 
No blir det bortetur til Nore Neset på himmelspretten.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G16: Trio2-Trott2 1-4 (1-2)
0-1 (17 minutt)
1-1 (21 minutt) Tormod Sund Vårdal
1-2 (40 minutt)
1-3 (60 minutt)
1-4 (72 minutt)
 
Dommar: Steinar Sæther, Odda
 
Trio sitt lag:
Aref - Yaser, Espen, Simen, Tormod - Gaute, Samson, Omid - Marcus, Alen, Hekmat.
Innbyttarar: Vegard F, Mohammad, Edvin og Erik.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart