Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Etterlengta seier for G16-1 på Karmøy

G16, 1. div Rogaland: Torvastad - Trio 2-3 (1-3)
Trio gutane med smultring etter 3 serierunder var tirsdag på ny jakt etter poeng. Vi leverer ein svært god første halvtime og ledar 3-0. Derfra og ut er det jevnt med Torvastad kanskje hakket bedre enn oss, men klarer bare 2 og vi reiser heim med ein fullt fortent 3-2 seier.
 
Klikk på bilete for full storleik
God innsats på backen av Espen, og nok ei viktig scoring!

Trio gjekk ut i ein 4-3-3 formasjon frå start og skapte allerede frå start noken mulighetar ved hurtigtoget Daniel S på spiss. Gutane var skikkelig på, klinte til i duellar og viste tydelig at i dag ville dei ha poeng! Om lag 20 minutt ut i kampen tar vi fortent ledelsen ved Espen. Glimrande spel der Torvastad er pressa heilt tilbake med heile laget. Mads blir spelt fri på høgre, legg ut 45 til skudd frå Daniel N og der er vår venstreback først på retur! Bare 5 minutt seinare aukar vi til 2-0 då Daniel S stjel ballen frå ein Torvastad stoppar og med ei kald avslutning sett ballen rolig til side for keeper. Ellers lufta Selmer sin gode skuddfot ved et par anledningar og var nære på. 5 minutt før pause får vi den viktige tredje scoringen og denne gang er Brynjar sist på ballen etter strålande angrepsspel med mange fine kombinasjonar. Dessverre blir det kjapt justert til ei 2-måls leiing igjen då Torvastad reduserer før pausen. Årsbeste og ein svært god omgang av gutane!

 
Klikk på bilete for full storleik
Solid kamp som stoppar av Mathias HE.

Det blei ein verst tenkelig start på andre omgang. Tidlig redusering til 2-3 og ein 5 minuttar for gult kort. Torvastad har noken halv-sjansar neste 10 minuttane, men det går utanfor og over. Vi ristar dette trøkket av oss og klarar å løfta spelet over på Torvastad sin halvdel og jevna spelet meir ut. Finspelet uteblir og det blir mykje duellering og midtbanekriging. Vi ror det heile i land og gleda er stor blant gutane!

 
Klikk på bilete for full storleik
Og solid kamp som stoppar av Tarmo.

Ein skikkelig lagseier og fullt fortent, spesielt etter den gode første omgangen. Ekstra pluss til midtstopparane Tarmo og Mathias HE, samt goalgetter Espen på venstrebacken:-).

No kjem kampane tett og allerede søndag er det ny tur til Haugesund. Djerv 1919 (som slo Torvastad 8-1 sist) er den tøffe motstandar den dagen. Men leverer vi på nivå med første omgang i dag er det muligheter:-)

 

Laget i dag:

Torstein S. Olderkjær, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Selmer Bondhus, Samson Uppheim, Mads Jørgensen, Espen Aakre Sjo, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mathias Hansen Eide, Daniel Sørtveit, Anders Eide Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Mathias Gjelseng, Gaute Thorkildsen.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart