Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Kvinnheradsmeisterskap og terrengkarusell onsdag

Klikk på bilete for full storleik
 
Onsdag kl 18 inviterer IL Trio Friidrett til det tredje løpet i terrengløpskarusellen, og då er det Kvinnheradsmeisterskap i Husnes idrettspark. Her er litt informasjon. For dei som ikkje har er påmeldt på førehand, er det råd å melde seg på i sekretariatet mellom kl 17 og 17.30.
 
Parkering
Vi sperrar av så ein ikkje kan køyre opp til Triohuset. Parkering på grusbanen.
 
Sekretariat
Det er råd å melde seg på i sekretariatet mellom kl 17 og 17.30. Her får ein også utdelt startnr. Dette er plassert ved Triohuset, men det er mogleg vi flyttar sekretariatet bort på indre bane på stadion når løpsstart nærmar seg.
NB! Startnumra ønskjer vi å få levert inn igjen, på indre bane etter løpet.
 
Arrangementet
Løpet vert halde i Trioløypa, som går rundt idrettsparken. Dei minste startar ved garasje og spring på utsida av stadion. 8-9 år spring 2/3 av Trioløypa, medan 10-16 år spring ein full runde. Senior har tre fulle rundar. Utanom dei minste, startar alle klassar bak tribuna på stadion. Her er også målgang for alle klassar.
 
Tidsskjema (ca tider)

18.00: Start 0-7 år utan tid.

18.10: Start jenter 8-9 år, 350m

18.15: Start gutar 8-9 år, 350m

18.20: Start jenter 10-11 år, 650m

18.25: Start gutar 10-11 år, 650m

18.35: Start jenter 12-13 år, 900m

18.45: Start gutar 12-13 år, 900m

18.55: Start jenter/gutar 14-16 år, 900m

19.00: Start senior damer

19.15: Start senior menn

* Heat for G12-13 og J12-13 blir truleg slått saman.

 
Premieutdeling
Skjer på indre bane. Deltakarmedalje til dei minste, og gull/sølv/bronse i eldre klassar.
 
Servering
Vi har ikkje kiosk denne gongen, men det er råd å få kaffi og saft gratis på indre bane.
 
Vel møtt til ein kjekk løpsdag i Husnes idrettspark.
- IL Trio Friidrett
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart