Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Småjentene (J13) slo til med storseier mot Moster

Klikk på bilete for full storleik
Glade jenter etter 5-0 seier over Moster
 
J13, 2. div: Moster - Trio 0-5 (0-2)
Kjekt å vera på tur med heile 16 blide  jenter til Moster onsdag. Eit flott kull med jenter i dette laget! Jentene var sulten på årets første seier og den kom ettertrykkelig med 5-0 etter ein flott gjennomført kamp.

 

Vi snakka før kampen om å klara å vera «på» frå starten av og prøva å ta styringa på kampen. Dette klarte jentene med bravur og var best frå første stund. Julie var som vanlig eit uromoment for motstander forsvaret og på første sjanse etter 6 minutt smell det i stolpen bak Moster målvakta.Etter drøye 10 minutt kjem sjanse nummer 2 etter ein god corner frå Linnea og då sett Julie ballen kontrollert i buret til fortent 1-0 til bortelaget. Bare 3 minutt seinare er ho frampå igjen etter flott pasning frå Ingeborg og doblar ledelsen til 2-0. Siste 20 av første omgang blir meir jevnspelt og omgangen ebbar ut med 2-måls ledelse til oss.

 

I pausen får jentene skryt for god defensiv struktur og jobbing. Vidare var det viktig å vera tett på Moster sin nr 10, deiras klart beste spelar som vi kjenner frå Sone Sunnhordland samlingar.

 

Tidlig i andre omgang jobbar vi godt i Moster feltet og pressar godt og Synna er til slutt sist på ballen som gir oss det tredje målet og 3-0. Moster får deretter straffe etter ein hands i Trio feltet. Den reddar Cecilie mesterlig og det toppa ein flott kamp i målet av 12-åringen frå Sunde. Dette gir både laget og Cecilie ekstra energi og ho avsluttar kampen med 2 målgivande pasningar frå eige felt! Først til Julie til 4-0 og deretter til Malene til 5-0. Begge på gjennomløp der dei brukar sin store fart. I denne perioden er vi klart best og kunne fort scora 2-3 mål til.

Vi har sluppe inn 9 mål på dei 2 første kampane mot tøff motstand. Derfor kjempegøy at vi i dag holder nullen i 70 minutt mot eit lag som tross alt scora 10 mot Njardar/Tysnes nylig. Her gjer heile laget ein storjobb og gjer sine oppgaver på ein god måte, med god struktur i bånn. Sentrallinja med Cecilie, Ingeborg, Synna og Julie er veldig bra i dag. Ellers i dag utmerka Aurora seg med stabilt godt forsvarsspel og Linnea og Emma gjorde årsbeste på midtbanen. Kjekt å sjå Malene i aksjon som utespelar og med scoring i første kamp. Også kjekt å sjå at ALLE bidrar positivt til at det blir ein solid seier og tar ansvar, spesielt defensivt.

 
No har vi ein liten pause til 6. juni, då vi tar i mot Uskedal til lokaloppgjer på Kvednabekkjen. Det blir gøy:-).
 

Laget i dag:

Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Margrethe N. Hillestad, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Lotte Ness, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen, Cecilie E. Medhaug.

 

Synne, Bjørn & Per Einar

 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart