|
Makelaust gav mållaust | | G16: Nore Neset-Trio2 0-0. Eit tøff og tett kamp mot serietoaren, som kampen sett under eitt er eit hakk betre enn oss. Men då det trengtest som mest siste 20 minutta, sto ein makelaus mann i buret fram med nokre makelause redningar. Ergo endte kampen mållaus. | | |  | | Makelaust keeperspel av Tormod. |
Av resultata så langt skulle Nore Neset vera eit hakk betre enn oss, og planen var å presse ganske lågt. Dei første fem minutta hadde heimelaget eit overtak, men etter kvart kjempa vi oss inn i kampen og viste at vi var på høgde med dei. Ein del av oss mangla likevel litt på å få opp tempoet i beina, både offensivt og defensivt. Vi heldt uansett godt tett bakover, og det næraste heimelaget var, var ein corner som streifa oversida på tverrliggjaren. Mot slutten gav vi dei eit par sjansar der det nesten såg ut som vi gjekk inn for å score sjølvmål. Men vi slapp med skrekken. 0-0 midtvegs, etter ein prestasjon vi syntest vi kunne gjere betre. | | |  | | Solid kamp av Simen. |
Tre bytter rundt pausetider og ti minutt seinare kvilte vi også Daniel ut kampen. Dermed var det duka for afghaner-trioen Omid, Hekmat og Mohammad i angrepsrekkja, og det gav oss litt meir tempo framme. Første halvdel av andre omgang var vår beste periode i kampen. Då fekk vi etablert meir spel høgare i banen, men største sjansen kom på ei kontring. Sander vann ballen og sendte Daniel i veg på høgrevingen. På innlegget var Omid på plass og fekk ein kjempesjanse, men han traff ikkje godt nok. | | |  | | Robuste Edvin blir stadig betre som midtstoppar. |
Siste 20 minutta var det så heimelaget som hadde mest å by på. Dei trykka oss etter kvart bakover og spelte seg til ei handfull formidabelt store sjansar. Men Tormod leverte tilsvarande mange makelause redningar. Den eine var meir eller mindre umogleg å ta, men Tormod fornekta seg ikkje. Lagerback ringer nok over helga. Dermed ebba kampen ut med 0-0. I sluttminutta pådrog vi oss to heller billige gule kort, så siste minuttet var vi sågar nede i 9 mann. Men med Batman i mål og eit særs solid stopparpar i Simen og Edvin, så rodde vi poenget greit i land. | | |  | | Sterk kamp av Ole Martin på sentral midtbane. |
Forutan dei ovannemnte må elles trioen på midten, Gaute, Ole og Sander rosast for solid spel i dag. Så lenge dei heldt koken, var det lite heimelaget klarte å skape. Men mot slutten heldt det altså hardt. ' Då er neste dyst heime mot Rosendal, som er altfor gode for denne avdelinga. Det blir ein tøff kamp. Vi er førebels i dialog om å finne eit meir eigna tidspunkt for denne kampen enn kva fotballkretsen har gjort (fredag ved inngang til pinse, kl 19.30!). Kampfakta frå Nore Neset idrettsplassG16: Nore Neset-Trio2 0-0 | | | Dommar: Kanagaratnam Nagendran, Åsane Fotball Gult kort: Simen Hellevik Lie og Sander Dolonen Brækken
Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal - Mathias Gjelseng, Simen Hellevik Lie, Edvin Vågen Bjørgvik, Yaserullah Tarakhel (Vegar Teigen frå 40 minutt) - Gaute Thorkildsen, Ole Martin Byrknes, Sander Dolonen Brækken - Daniel Sørtveit (Mohammad Barakzai frå 50 minutt), Alen Foric (Hekmatullah Ahmadi frå 40 minutt), Marcus Nilsen Mathisen (Omid Karimi frå 35 minutt). | | | Aref Hosseinizada var ubenytta reserve.
- Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |