Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Gutelaget med tap for overmakta i Haugesund

G16, 1. div Rogaland: Djerv 1919 - Trio 3-0 (1-0)
Den utsatte kampen til G16-1 mot Djerv 1919 vart avvikla i Haugesund søndag. Det vart eit svært tøft oppgjer for våre gutar, mot det beste laget vi har møtt så langt i sesongen. Det endte med 3-måls seier til heimelaget Djerv 1919.
 
Klikk på bilete for full storleik
Travelt for ein god Torstein

Djerv 1919 viste seg som forventa å vera eit svært godt lag. Dei var kvalifisert for elitedivisjon spel i Rogaland i år etter 9-1 seier over Sola (takka nei til plassen) og vann i påsken ei større turnering på Sørlandet. I følge trenaren til Djerv hadde dei hatt 15-3 i målsjanser i 2-1 tapet mot Trott sist. Så vi visste at vi måtte prestera heilt på topp for å ha mulighet på poeng mot dette laget med i all hovedsak 2001-modellar på banen (har G15-lag i Elite i Rogaland).

 
Klikk på bilete for full storleik
God kamp av Daniel N

Kampplan gjekk ut på å ligge lavt, stenge rom og satse på overgangar. Dette er ikkje ein måte å spela på som gutane har masse erfaring med, men løyste det på ein god måte. Vi starta kampen med å produsera kampens flottaste angrep og det hadde vore godt for kampen om vi hadde fått den i nota. Ole Martin bryt og finn Mathias og vidare til Daniel N. Han finn Lars som flikkar fri Mads på høgre. Dessverre treff ikkje Samson godt på det gode legget frå Mads frå kun 4-5 meters hald. Der burde det stått 1-0 til oss. neste halvtimen har Djerv mest ball, men slit med å produsera mykje mot eit kompakt Trio-lag. Etter ca halvtimen glipp det imidlertid. Eit utspark frå Torstein blir vunne av Djerv sentralt med våre litt ut av posisjon. Han drar av ein midtstoppar og bankar den utagbart i nettet. 1-0, fortent nok, og det står seg til pause.

 
Klikk på bilete for full storleik
Tarmo var god å ha i forvaret

Jakta på utligning i andre omgang får ein dårlig start då 2 av våre viktigaste offensive kort i Mads og Lars må melda pass i pausen. Der vi bevisst la oss lavt i første, blei vi spelt lave av heimelaget i andre omgang og slit med å skapa noko særleg framover. Vi kjempar som løver og forsvarer oss bra. Det glipp 2 gonger i sluttomgangen også, og det endar med eit 0-3 tap.

 

Vi tapte mot eit betre lag i dag, men gutane skal ha masse ros for at dei aldri gav opp, hadde topp innsats og godt humør heile veien. Vi var heller ikkje i nærheten av å gå opp i liminga, som fort kan skje når 2 og 3-0 kjem. Det skal heile laget rosast for!

 

Torstein hadde det travelt i dag. Litt smårusk med hensyn til valg med ball og mangel på besluttsomhet, men totalt sett mange fine redningar og ein bra kamp av vår unge målvakt. Ute syns vi Tarmo og kaptein Daniel N. viste mest igjen i dag, men flott jobba av alle 13!!

 

Neste dyst no er tabell-leiar Trott, i vår tredje bortekamp på rad, torsdag 1. juni på Stord. Deretter avsluttar vi med 3 av dei 4 siste heime på Husnes før ferien.

 

Laget i dag:

Torstein S. Olderkjær, Simen Hellevik Lie, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Samson Uppheim, Mads Jørgensen, Espen Aakre Sjo, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mathias Hansen Eide, Anders Eide Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Gaute Thorkildsen.

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart