Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

I tøffaste laget

Klikk på bilete for full storleik
 
J14: Trio 7ar-Odda 2-5. Etter å ha vore ubesigra så langt i sesongen, var det duka for tøffast mogleg motstand på Kvednabekkjen tysdag kveld. Triojentene skulle opp mot den sterke serieleiaren Odda. Og sjølv om Trio skremte oddingane innleiingsvis, så var det i tøffaste laget.
 
Triojentene gjekk respektlaust til verket mot eit Oddalag som sto veldig høgt med forsvaret. Allereie før to minutt vart spelt, fekk Nadine ein ball i bakrommet. Ho storma åleine mot mål, heldt forsvararen unna og styrte ballen kontrollert i hjørnet. 1-0 og ei pangopning.
 
Men det tok ikkje lenge før Odda var a jour. Ein corner gjekk gjennom heile feltet og på bakre stolpe var det ei Oddajente som netta sikkert. Nokre minutt seinare kom også 1-2 då Triokeeperen feilrekna eit langskot. Kort etter varta Emma W opp med ei dobbeltredning etter frispark. Og få minutt etter der igjen hadde Odda eit stolpetreff. Trio var ute å køyre i denne perioden. Odda sendte mange folk framover og klarte fleire gonger å vera i overtal mot Trioforsvaret og framføre mål. Triojentene vart litt for passive og sleit med å demme opp. 1-3 kom på ein retur midt i omgangen.
 
Men Odda sto som nemnt veldig høgt med forsvaret, og det er vågalt mot gode og raske spissar som Nadine og Julie. Det kunne straffa seg då Emma H førte opp langs venstresida og serverte Nadine ein ball bak Oddaforsvaret. Men skotet gjekk like utanfor. Etter å ha vore pressa i første halvdel av omgangen, kom Trio meir inn i spelet mot slutten og 1-3 sto seg til pause.
 
Trio hadde ikkje gjeve seg. Tidleg i andre omgang fekk Julie sjansen, etter fint Ex-Ternen-samspel med Emilie. Målmaskina frå J13 netta sikkert og det sto 2-3.
 
Men etter kvart var det Odda som tok over og dei spelte seg til fleire store sjansar. Hadde det ikkje vore for Emma H, som overtok keeperhanskane i pause, så hadde det blitt stygge sifre. Men ho storspelte i buret og varta opp med den eine kjemperedninga etter den andre. Men midt i omgangen måtte ho til slutt kapitulere etter sterkt Oddapress, og noko seinare vart sluttresultatet fastsett til 2-5.
 
Likevel ein god prestasjon av Triojentene, som no tek i mot Voss til ny heimekamp på laurdag.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

J14: Trio 7ar-Odda 2-5 (1-3)
1-0 (2 minutt) Nadine Morstad Attille
1-1 (5 minutt)
1-2 (10 minutt)
1-3 (19 minutt)
2-3 (40 minutt) Julie Soma Ersland
2-4 (52 minutt)
2-5 (57 minutt)
 
Dommar: Espen Aakre Sjo
 
Trio sitt lag:
Emma Weberg Kaldestad, Mia Ingvaldsen Høydal, Andrine Ynnesdal, Helene Vågen Eikenes, Emilie Askeland, Luwam Kahsay, Nadine Morstad Attille, Emma Miranda Grindheim Heggøy, Julie Soma Ersland, Astrid Borgen, Ariana Quam.
 
- Are Ulseth, supporter
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart