|
Tap mot effektiv tabell-leiar | G16, 1. div Rogaland: Trott - Trio 5-1 (3-0) Trio sitt gutelag i 1. divisjon gjorde torsdag unna 3. bortekampen på rad. Denne gong mot serieleiar Trott i Prestegardsskogen. I ein kamp som var jevnare enn resultatet tilseier, var heimelaget best og vann fortent 5-1, noko i meste laget etter spelets gong. | | |  | | Fint mål av Samson mot Trott |
Trott tok styringa på kampen frå start og etablerer eit overtak. Allerede etter 10min tar dei leiinga etter ein corner. Vi har blitt mykje bedre på defensiv corner etter Kopervik-kampen, og vi rydder også unna denne. Problemet er at det kjem eit nytt innlegg i bølge 2 og då gløymer vi markeringa på fleire og Trott scorar frå kort hald. Etter dette jobbar vi oss godt inn i kampen og skapar farlege muligheter sjølve. Manglar litt i siste trekket. Trott derimot, er effektive og går opp i 2-0 etter 26 minutt, etter å ha komt litt lett gjennom på vår venstreside. 6 minutt seinare står det 3-0, etter at ein Trott spelar fekk litt lett spel føre vårt mål. Savnar litt meir robust og resolutt forsvarsspel her. Dette står seg til pause. | | |  | | Nok ein bra match av Espen |
Andre omgang blir heilt jevn og vi skapar vel så masse som Trott. Igjen er dei meir effektive og vinn omgangen 2-1. Vi reduserer til 1-4 ved Samson etter fint veggspel med Brynjar. Utover dette har blant anna toppscorar Sander ein i overliggaren. Bra omgang av våre mot eit godt lag. | | |  | | God kamp av Lars på midtbanen |
Ekstra pluss hos oss i dag til Espen for godt stopparspel og flink til å prate. Og til Lars for ein god kamp på midtbane for den anvendelige og fotball-kloke storscoraren. Ellers klarte vi ikkje fullt lag i dag heller, då Mads måtte melda forfall med dårlig rygg. Greit å gje pappen noke å jobba med heime og:-) | | | Neste oppgåve no er ubesigra Kopervik heime på torsdag, så utfordringane står i kø! Laget i dag: Torstein S. Olderkjær, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Samson Uppheim, Sander D. Brækken, Daniel Sørtveit, Espen Aakre Sjo, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mathias Hansen Eide, Anders Eide Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Gaute Thorkildsen. | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |