|
Jamn kamp, men berre bortelaget scora | | | | | J14: Trio-Voss 0-4. Småjentene tok i mot Voss til dyst laurdag formiddag, og det vart ein jamnspelt kamp der berre eine laget fekk utteljing i målprotokollen. Diverre var det bortelaget. I spel var Triojentene fullt på høgde. | | | Voss stilte på Husnes med heile 20 jenter, dei har ein ofseleg stor spelartropp. Men berre 7 på banen, dei og. Likevel fekk dei tidleg overtaket i målprotokollen. 0-1 på eit skot i korthjørnet, og 0-2 på eit flott angrep som vart avslutta med hardt innlegg og avslutning på direkten. Her hang ikkje Triojentene heilt med, men frå midten av første omgang, klarte Trio å kjempe seg inn i kampen og var sidan fullt på høgde med motstandaren.
| | | 0-3 kom rett før pause på ein corner, etter at Trio hadde hatt ein veldig sterk periode. Skot frå Luwam og Nadine vart redda av Voss sin knallgode keeper Gunnhild. Og då Trio varta opp med storspel, vegg av Luwam og Emma, innlegg og avslutning av Aurora, vart Voss redda av at ballen streifa stolpen på feil side. 0-3 midtvegs var litt surt etter spel og sjansar.
| | | Og Trio heldt fram med godt spel etter pause. Emilie spelte fram Aurora, som skaut nede i hjørnet. Denne skulle då keeper vera sjanselaus på, men neida. Vosskeeperen var sanneleg på plass der og. Plutseleg var Voss sin spiss i staden heilt åleine med Triokeeper (Luwam etter pause), og då sto det 0-4.
| | | Siste halvdel av andre omgang var det stadig meir trykk frå Trio. Emilie skaut utanfor med venstra, Helene hadde ein kjempesjanse, Emma fyrte av garde ein susar som keeper redda og til tider var det reinaste kanonaden framom Vossamålet. Men mål til heimelaget skulle det ikkje bli. Kampen ebba ut med 0-4, men likevel mykje positivt å ta med seg for Wendy og jentene.
| | | Då er det bortetur til Solnut i neste veke som avslutning på vårsesongen. Kampfakta frå KvednabekkjenJ14: Trio-Voss 0-4 (0-3) 0-1 (5 minutt) 0-2 (17 minutt) 0-3 (33 minutt) 0-4 (45 minutt)
| | | Dommar: Espen Aakre Sjo
| | | Trio sitt lag: Emma Weberg Kaldestad, Mia Ingvaldsen Høydal, Emma Miranda Heggøy, Helene Vågen Eikenes, Emilie Askeland, Luwam Kahsay, Nadine Morstad Attille, Aurora Nilsen Mathisen, Andrine Ynnesdal, June Marie Sætre Bjelland, Ingeborg Stensletten Hagan. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |