 | | Flott innsats av Steffen |
I dag var det ganske greitt at det var 9àr kamp all den tidat forfalla hagla inn frå onsdag kveld og ut over torsdagen. Det var 10 gutarsom reiste til Odda. Av dei så var det ein «debutant», Kristoffer Melstveit,henta inn frå G-13 Sunde. I Odda køyrer dei litt andre banestørrelsar enn andreplassar. 9àr banen vart litt kortare enn ein 11àr bane all den tid at måla vartflytta ut på 5 meter streken. Det var det heile. Banen er lik for begge lag ogdette beherska gutane bra. Kampen opna noko rotete, men med eit lite overtaktil Trio. Håkon, som i dag spelte spiss, hadde ein kjempesjanse etter ca.10min. Han vart nok litt overraska når hanfekk ballen på blankt mål. Avslutninga gjekk dessverre utanfor. Etter 21 min derimotgjekk alt Håkon og Trio sin veg. Ingen kjempeavslutning, men ballen trillaroleg i mål, og 0-1 er eit faktum.10 minuttar seinare klarer me ikkje å få klarert når meskal. Dei kjem rundt på vår v-kant og avsluttar med å setje ballen i detlengste hjørnet. Me er like langt og det er ikkje heilt fortent etter spel og sjansar.2.omgang vert meir jamn enn den 1. Spelet bølgjer fram og tilbake, men det erTrio som skaper dei største sjansane. Emil og Håkon treff begge tverrliggjarenog Sondre skyt i stolpen, men i mål vil ikkje ballen. Odda har også sine sjansarog med litt meir presisjon så kunne dei også ha laga fleire mål. Så skjer detheilt på slutten. Brått er Håkon heilt åleine og har berre det tomme måletframfor seg. Denne gangen gjer ikkje Håkon nokon feil og set ballen roleg inn imål. 2-1 til oss og klokka viser 36 min. No må me klare å halde ut resten avtilleggstida så kan me reise heim med 3 nye poeng. Det klarer gutane. Kampen vart noko meir spennande enn det som er godt forkroppen. Foreldre og besteforeldre som var med til Odda fekk i alle fall sindose spenning denne dagen. Rosendal tapte sin kamp mot Norheimsund og dette medfører atdet vert ein liten seriefinale mot nettopp Norheimsund på Kvednabekkjen laurdag10/6 kl.13.00. Halsnøy er også med her, men dei spelar 9àr og kan såleis ikkjerykke opp. Viss ikkje eg tek heilt feil. Kamptropp i dag: Kristoffer, Erlend, Stian, Lars, Håkon,Steffen, Emil, Nicolas, Sondre og Brynjar. Eivind N. |