Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Uskedal minst dårlig i svak kamp av J13

Klikk på bilete for full storleik
Trio jentene som ikkje fekk det heilt til mot Uskedal
 
J13: Trio - Uskedal 1-3 (0-1)
Trio jentene var gira på å slå det gode Uskedal laget for første gang i dag, etter å ha vore nære i fjor. Dei blei nok litt for gira virka det som, for det blei årets desidert dårligaste kamp for vår del og eit stort steg tilbake etter 3 spelemessig bra kampar tidligare i sesongen. Det enda med eit fortent 1-3 tap.
 

Vi snakka mykje om innsats før kampen, men og å tørre ta ned ball og spele. Kanskje laga påvirka kvarandre, for det var mykje 'sparking' og lite 'speling' av begge laga. Uskedal går opp i 1-0 på noko som ikkje ser ut som ein farlig situasjon, men dei er meir bestemt og vi nøler litt og plutselig tuppast ballen forbi Malene og i mål. Burde vore unngått, men 0-1 til pause.

 

I pausen blir vi enige om at det er nok med ein omgang med 'sparking' og at vi i siste omgangen skal prøva 'SPELA' i staden.

 

Vi får det til i periodar av andre omgang, men det blir og heftig med bytting og rotering og vanskelig å setta spel. Men vi ser glimt av kva jentene kan. I ein god periode slår Linnea ein god corner som vi krigar godt på og Julie er siste Trio jente på ballen. På det tidspunkt heilt fortent utligning. Vi ser frå sidelinja at vi ikkje er konsentrerte etter scoringa og feirar og dansar nesten etter at Uskedal har satt i gong. Vi ropar 'fokus på neste', men forgjeves. Rett frå avspark, lang ball mot flatt forsvar og scoring åleine med keeper, 1-2, alt for enkelt og 1 mål bak igjen. Vi gjer Uskedal eit unødvendig mål til med litt svake vurderingar i forsvar og det endar med samme resultat som i fjor på heimebane. Den gong spelte vi knallgodt og var beste laget. I dag spelar vi dårlig og Uskedal er bedre enn oss og vinn fortent.

 

Det er ingen lag som blir bedre og bedre for kvar kamp, noken dårlige dagar har alle. I dag hadde vi ein slik og då må vi bare gløyma den og sjå fram til neste mulighet til å SPELA fotball. Den kjem på søndag mot Njardar/Tysnes. Då må vi tilbake til det vi trenar på og prøva framstå på ein heilt annan måte enn i dag:-)

 

God dommar i kampen var Marcus Størksen frå Halsnøy.

 

Laget i dag:

Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Lotte Ness, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen, Cecilie E. Medhaug.

 

Synne, Bjørn & Per Einar

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart