|
Pliktløp |  | | Trio G16-2. Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. |
| | | | G16: Trio2-Rosendal1 0-7. Det er stussleg å ha førstelaget til Rosendal i vår serie i år, lågaste divisjonen på G16. Heile laget deira trenar med A-laget og dei held nivå til ein høgare divisjon. Slik sett er det lite utbytte for oss i å møte dei i serien, der dei ikkje har motstand i det heile. I dag måtte eit par av våre ferskaste stå over, og nokre andre fekk mindre speletid, for at det ikkje skulle bli for mange negative opplevingar. Heldigvis kjem det kjekkare kampar framover. | | |  | | God innsats av Simen. |
Fokus i dag var nesten utelukkande på den defensive prestasjonen. Og den gjer vi bra første 25 minutta i førsteomgangen. Då jobbar vi godt i lag og nektar Rosendal å kome til store sjansar. Den einaste var eit godt skot som Aref plukka sikkert. Siste kvarteret slit vi så med å halde intensiteten oppe. Og Rosendal får tre enkle mål før kvilen, som alle kunne vore unngått med litt meir råskap og vilje. | | | Til andre omgang gjer vi kun ei endring, det er uvant lite. Vi held då godt stand eit kvarters tid. Resten av kampen blir eit slit. Fleire rokeringar og byter i laget, og som venta klarar vi då ikkje å halde struktur i forsvarsarbeidet. Då rullar det etter kvart også inn nokre mål, og kampen endar 0-7, noko som var rundt der underteikna venta seg på førehand. | | |  | | Tarmo var vår bestemann. |
Midtstopparparet Tarmo og Simen var våre beste i dag. Mathias var også god lenge, inntil kreftene og ankelen var ferdig. Det defensive arbeidet på midten er også bra i dei periodane vi held trykket oppe. Men mot slutten er vi som regel på etterskot. Største sjansen vår fekk elles Omid, då han kom åleine gjennom. Skotet gjekk dog like utanfor. | | | No er det halvanna veke til neste kamp, heime mot Os, som har hatt ein oppsving etter at vi slo dei på Kuventræ i vår. Vi har gjort unna 1/3 av den triple serien, altså møtt alle laga ein gong. Greie prestasjonar så langt, som vi vonleg klarar å forbetre framover. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio2-Rosendal 0-7 (0-3) Mål etter 27, 32, 35, 54, 69, 73 og 75 minutt. | | | Dommar: Steinar Sæther, Odda. | | | Trio sitt lag: Aref Hosseinizada, Mathias Gjelseng (Erik Thomas frå 55 minutt), Tarmo Tars, Simen Hellevik Lie, Edvin Vågen Bjørgvik, Sander Dolonen Brækken (Marcus frå 60 minutt), Samson Nyrud Uppheim, Gaute Thorkildsen (Tormod Sund Vårdal frå 50 minutt), Marcus Nilsen Mathisen (Hekmatullah Ahmadi frå 40 minutt), Alen Foric (Vegard Fausk frå 55 minutt), Omid Karimi. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |