Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Flott innsats av G16-1 tross tap mot Kopervik

G16, 1. div Rogaland: Trio - Kopervik 1-3 (1-3)
Eit skadeplaga G16-1 møtte i kveld ubesigra Kopervik til dyst på Kvednabekkjen. Etter svært god innsats av alle 13 disponible vart det til slutt eit 1-3 tap, men absolutt ein bra match av våre gutar mot meget kvalifisert motstand.
 
Klikk på bilete for full storleik
Årsbeste for Mathias i midtane rolle

Med Mads, Lars og Daniel S ute med skade og 5 i aksjon for Trio 2 tirsdag (max 5 frå den kunne spele i dag), hadde vi 13 mann i garderoben, et par med noko sjukdom i kroppen. Vi har då spelt snart ein halv sesong uten å ha fullt lag til ein einaste kamp (skader, sjukdom, skule, etc).

 
Klikk på bilete for full storleik
Espen leverte stort stopparspel i dag, blir bedre for kvar kamp

Vi valgte likevel å gå offensivt til verks i ein 4-4-2, med ønske om høgt og aggresivt press for å prøve å sjokkere Kopervik litt fra start. Det ga ikkje uttelling i mange sjansar eller mål, men vi framstår aggressive og mykje meir på høgde fysisk enn før i år og bit godt i frå oss. Kopervik får eit mål annulert for offside etter 12min. Vi får dessverre eit litt unødig baklengs halvvegs i omgangen når eit pole-frispark frå nærare 35m går inn over Torstein. Nok eit frispark gir Kopervik 2-0. Eit frispark i rett linje føre mål blir slått hardt mot Torstein. Der er ein Kopervik spelar og stussar den inn rett føre vår målvakt. Då det ikkje var Usain Bolt dei hadde på laget må det ha vore offside, skal ikkje vera mulig å bevega seg inn der etter ballen er slått om ein ikkje har starta innanfor:-). Sure mål, men like fullt 0-2. Nummer 3 kjem etter at vi blir overspelt på vår høgreside etter tellefeil og 2 mot 1 mot vår kant Brynjar. Siste 5 av første eig vi og Brynjar er svært nær ved å setta ein bra halv-volley etter flott pasning frå Mathias. Rett før pause får vi betalt for høgt press då Sander stressar stoppar og keeper til misforståelse og han sett ballen i det tomme buret. 1-3 til pause etter ein omgang der Kopervik skapar lite på oss forutan dei 3 måla.

 
Klikk på bilete for full storleik
Kaptein Daniel er viktig på midten som alltid

Gutane har sjelden fått så masse skryt etter å ha lagt under med 2 til pause. Vi er enige om å fortsetta med aggresivt press og gå for ein tidlig redusering.

 
Klikk på bilete for full storleik
Tarmo var god å ha i midtforsvaret i dag og

Andre omgang blir ein tett fysisk omgang der vi står veldig bra opp mot det gode Kopervik laget. Sist vi møttes var det og 1-3 til pause, men då tapte vi andre 0-6. I dag tel vi ikkje meir enn ein målsjanse til Kopervik i andre omgang og det syns vi er ein svært bra prestasjon! Vi har ikkje nok krefter og kvalitet til å skape masse sjølv heller mot såpass motstand, der blant anna kapteinen i midtforsvaret ruvde godt og sprang opp Sander sine gjennomløp. Men ein solid gjennomført omgang av heile gjengen, der fleire sleit med å fullføra kampen. Det endar då 0-0 i andre og fortent 3-1 siger til Kopervik.

 

Som sagt, ros til ALLE 13 for ein solid prestasjon og ein flott gjennomført kamp. Midtforsvaret med Tarmo og Espen var meget solid og på midten gjorde Mathias sin klart beste match i den rolla så langt. Mathias (Mr 100% - har 100% treningsframmøte i år) vant masse duellar og la ned betydelig antall meter i tospann med kaptein Daniel som og viste bra igjen mot tøff motstand.

 

Forutan at vi meiner 2-0 målet må vera offside, gjorde unge Marcus Størksen fra Halsnøy ein svært god kamp som dommar. Offside situasjonar generelt er uansett veldig vanskelig for ein enslig dommar uten linjemenn. Ellers merka vi lite til dommaren, normalt eit tegn på god dømming. Unge Størksen er opplagt eit lokalt dommar talent!

 

Neste oppgåve no er Stord heime på søndag. Samme innsats og defensive prestasjon, ispedd litt meir ro med ball og tru på offensive ferdigheter, så skal det vera sjansar for poeng! 

 

Laget i dag:

Torstein S. Olderkjær, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Samson Uppheim, Sander D. Brækken, Espen Aakre Sjo, Daniel Normann, Mathias Hansen Eide, Anders Eide Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Gaute Thorkildsen, Simen Hellevik Lie, Selmer S. Bondhus.

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart