
Dagens mann! Simon Korttila. 3 mål, 2 assist.
Lagoppstilling:
Eirik W. Eikeland
Henning Haugland Solheim, Åsmund Eikeland Voster (C), Futsum Mebrahtu, Mats Mo
Eivind Tufta Saghaug, Håvard Haga, Andreas Thorkildsen, Erik Voster Solberg
Alkan Abdula, Martin Veastad
Reserva:
Vebjørn Røssland, Christer Olderkjær, Espen Tufta Saghaug, Simon Korttila, Vebjørn Holmedal,Marius Myklebust,Nikolai Bendiksen Mayer.
Det var ingen tvil om kven som var det beste laget på Husnes idrettspark i dag. Men kampen starta noko treigt frå begge lag. Men i det 14 minutt skrudde Andreas Thorkildsen på turboen. Han dribbla av 3 mann før han fra 16 meter sendte ballen
opp i høgre hjørna. 1-0! Thorkildsen måtte kasta inn handkledet ikkje lenge etterpå med hovudverk. Inn kom Simon Korttila som kanskje hadde sin beste kamp i Triodrakta.
4 minutt etter scoringa til Trio fekk Nordnes mulighet på ein dødball. Men Triokeeper Eirik W. Eikeland snappa innlegget og
kasta ballen fram til Alkan Abdulla som var på veg framover. Han tok med seg ballen mot Nordnesmålet og slapp den vidare til Martin
Veastad. Han suste forbi oppassaren sin og fra skrått hald satte han ballen under keeper og i mål. 2-0!
Rett før pause jaga Simon Korttila ein håplaus ball på høgrekanten. Han rakk den akuratt og sendte den inn foran mål der Martin Veastad
enkelt kunne senda Trio i føringa med 3-0. Det blei også pauseresultatet.
I 2 omgang vart Triodominansen enda større. Og det var med Simon Korttila i hovudrolla. Først sprang han fra Nordnesforsvaret før han
runda keeper og satte inn 4-0 målet. Så vann han ein duell på topp som Allkan snappa opp. Han hælflikka til Eivind som på vakkert vis sette inn 5-0. Lika etterpå gjorde
Korttila det meste sjøl då han dribla av ein mann på venstresida og sleiva ballen til venstre for keeper.6-0 stod det no. Men Korttila hadde mykje meir og gi og sprang fra Nordnesforsvaret etter ein gong. Men denne gongen vart han felt av keeper og dommar peika på straffemerke. Allkan fekk æren av å sette inn 7-0. Trio sitt siste mål tok lika greit Korttila å sette inn sjøl.
Heilt på tampen fekk Nordnes ei kontring då heile Triolaget stod igjen på topp etter eit angrep. Nordnes fekk satt inn eit lite trøstemål men det hjalp så lite i dag. 8-1 var ikkje eit mål for lite og Nordnes skal vera heldige at det ikkje vart tosifra.
Triotrenar Aleksander B. Ekeland seier det er mykje folk på trening for tida og han kan dermed velga ut dei han meiner er mest på hugget. Det aukar konkurransen
og folk blir meir skjerpa. Også i dag tok han i bruk alle reservane på benken. Han er enig i at det kunne vore meir mål men er svært nøgd med å vinna med så mange mål.
Banens beste var utan tvil Simon Korttila. Han scora 3 mål, skaffa straffe og hadde ein assist. Eg sa tidligare i veka at me går for opprykk og eg er bare enda
meir sikker i dag etter å ha utklassa Nordnes.
Trio ledar no si avdeling etter at Tornado Bergen gjekk på ein smell borte mot Solid.
-Henrik Lægreid Røssland-