|
J13 avslutta vårsesongen med stil |  | | Flott avslutning av vårsesongen av J13: 4-0 mot Njardar |
| | | J13, 2. div Hordaland: Njardar/Tysnes - Trio 0-4 (0-1) Småjentene (J13) tok søndag ettermiddag turen til Tysnes for siste kamp for vårsesongen. Dei var innstilte på å heva seg etter ein svak kamp sist, og det klarte dei med bravur. Dei spelte bedre og bedre utover kampen og vann til slutt 4-0. | | |  | | Leah (1), Julie (1) og Emma (2) gjorde måla i dag |
Vi var enige før kampen om at i dag skulle vi 'spela' - og ikkje 'sparka'. Dette fekk vi bedre til enn sist i første omgang, men Njardar var aggresive og ga oss ikkje mykje fred med ball. Ut fra tabellposisjon og tidlegare resultat var dei bedre enn forventa og ga oss bra motstand, uten å skapa farlege sjansar på oss. Julie var ein trussel på topp for oss og etter ca 15 minutt brukar ho både fysikk, fart og kraft då ho bankar ballen opp i lengste hjørne til 1-0 til Trio. Ellers ein del nesten, litt vanskeligare å scora enn vanlig då Njardar-trenaren insisterte på å bruka 7ar-mål (?!). Det blei då IKKJE likt for begge lag då det var kun Trio som skapte målsjanser:-) | | |  | | Flott kamp av Aurora |
I pausen prata vi om å bruka endå meir tid med ball, roe ned og sjå etter enkle valg-muligheter framover i banen. | | |  | | Lagkaptein som ruver i forsvar - Ingeborg |
Andre omgang er veldig bra og bedre for kvart minutt. Emma storspelar sentral midtbane og Leah gjer sin beste kamp nokosinne som spiss. Desse 2 ordnar seg imellom 3 mål, Emma 2 og Leah eitt. Alle etter flott spel. Kjekt å sjå kor gode vi er i denne omgangen, med sentrale spelarar som Synna og Julie på benken. Julie avslutta faktisk som keeper, slik at ei arbeidsledig Cecilie og fekk litt action ute. | | | Alle står på og gjer ein god jobb og prøver 'spela' som vi var enig om. Emma får tittelen banens beste i dag etter ein suveren 2. omgang der ho knekker ein kode og to i forhold til å ta ned ball og roe ned. Ingeborg og Aurora blir bedre og bedre i forsvaret og Leah gjer mykje bra framme. | | | No er vi ferdig med vårsesongen med hensyn til J13-kampar, men har noko hospitering igjen på andre lag. Så får vi håpa vi får eit oppsett frå kretsen som gjer noko meir enn 5 kampar når vi kjem til hausten. Våren endar då med 2-0-3 og 15-12 i mål, ein sannsynlig 4. plass. 2 klare sigrar 5-0 og 4-0, 3 jevnare tap med 1, 2 og 3 mål. Flott utgangspunkt for hausten. | | | Laget i dag: Malene Heimvik, Aurora N. Mathisen, Ingeborg S. Hagan, Synna H. Gjerding, June S. Hammer, Margrethe N. Hillestad, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Lotte Ness, Leah Mo, Julie Soma Ersland, Emma S. Meling, Ida H. Gudding, June Marie Bjelland, Astrid H. Borgen, Cecilie E. Medhaug. Bjørn & Per Einar | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |