|
God kamp av gutane gav eit fortent poeng | G16, 1. div Rogaland: Trio - Stord 2-2 (1-1) Førstelaget til Trio i guteklassen tok søndag i mot Stord til utsatt kamp på Kvednabekkjen. Ein jamn og tett kamp enda til slutt fortent nok med 2-2 og poengdeling. | | |  | | Daniel med 2 mål og banens beste i dag |
Trio startar med motvind i første omgang og får ein kalddusj allerede etter få minutt. Litt for passivt forsvarsspel på ein corner og Stord går i tidleg leiing. Stord er best også i perioden etter scoringa og trykker på i vinden, nær ved å auka på nok ein farlig corner. Etter ca 15 minutt overtar vi gradvis og begynner produsera sjanser. Daniel N er nær ved å finna Daniel S på gjennomløp, Brynjar treff ikkje heilt på eit godt innlegg og Sander treff tverrliggar etter godt forarbeid av Mathias. Det er derfor heilt fortent når utligninga kjem. Ole M finn Daniel S som vert hindra i boksen og straffe til heimelaget. Kaptein Daniel N har gløymt koss det er å bomma på straffer og sett den trygt i mål og like langt etter 33 min. Vi beheld initiativet og det står seg 1-1 til pause. | | |  | | Ole Martin god både på back og stopparplass |
Kampbildet står seg første 15 av andre. Trio, no i medvind, fører og produserer fleire sjanser, deriblant stolpetreff nummer 2, denne gong ved Mathias. Då skjer det som ofte skjer, Stord scorar på ei kontring etter 17 minutt. Dei overtar då også initiativet neste 10 minuttane. Så skjer det motsatte, i ein god Stord-periode får Daniel N lagt ballen til rette frå ca 20m og sender ei kule i krysset, 2-2! Vi hevar oss til ein bra innspurt og er svært nære på eit frispark like før slutt frå Mathias, men den går like over. Dermed 2-2, heilt ok i ein jevn kamp. | | | Igjen er vi reduserte og nede på 12-13 mann. Lars, Mads, Gaute og Selmer skada og ikkje med i dag. Dei som spelte skal ha stor skryt for nok ein god kamp, der mykje fungerer. Aggresiviteten i det defensive har komt seg veldig siste kampane og i dag fekk vi og produsert meir framover. Daniel N dagens Trio spelar med 2 mål og stor kamp på midtbanen, der samarbeidet med Mathias blir bedre for kvar kamp. | | | Ny sjanse mot Stord på torsdag, då på Langeland Kunstgrasbane på Stord. | | | Laget i dag: Torstein S. Olderkjær, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Samson Uppheim, Sander D. Brækken, Espen Aakre Sjo, Daniel Normann, Mathias Hansen Eide, Anders Eide Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Simen Hellevik Lie, Daniel R. Sørtveit. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |