Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Hederlig tap mot Odda for J16

Klikk på bilete for full storleik
God kamp av J16 tross tap mot Odda
 
J16: Trio - Odda 0-2.
Jentelaget spelte mandag kveld mot serieleiar Odda på heimebane. Jentene jobba godt og sto i mot lenge, men måtte til slutt sjå seg slått 2-0 etter eit baklengs i kvar omgang.
 

Første timen av oppgjeret var det vanskelig å sjå at dette var topp mot bunn på tabellen. Odda klarte ikkje skapa mykje mot eit Trio lag med god defensiv jobbing. Odda var best og hadde mest ball, men var sjelden farlige, med eit unntak. Midtveis i omgangen kjem dei gjennom og på forsøk nummer 2 klarer dei setta ballen i mål, utagbart for Celina.

 

Jentene får skryt i pausen og beskjed om å fortsetta i samme sporet, fotball handlar mykje om innsats og hardt arbeid.

 

Vi klarer holda Odda frå livet også første 15-20 av andre omgang og er og nær utligning i denne perioden ved 13-åringen Julie Ersland. Vår sentrale midtbane ved Cecilie og den andre 13-åringen, Synna Gjerding, hadde vore viktig i den defensive jobben første timen. Dei blei begge slitne og måtte ut og kvile. Då mista vi midtbanen totalt og siste 20 minutta vart då eit stormløp mot Trio-målet og Odda auka til 2-0 i denne perioden. Hadde det ikkje vore for stor-spel av Celina i målet og ei opplagt Ida i midtforsvaret, kunne det blitt stygge siffer denne perioden.

 

Totalt sett ein god kamp av alle jentene i forhold til jobbing og det defensive. Vi blir litt tynne framover når Odda ligg igjen med 4 heile tida mot 1-2 spissar og vi ikkje evnar flytte etter nok folk. Men masse å bygge vidare på her til siste vår-kampen på torsdag, heime mot Nord. Med samme innstilling då kan det vera mulig med poeng då:-).

 

Ekstra pluss i dag til Celina, Ida og Cecilie, samt 13-åringane Julie og Synna som igjen viste seg fram positivt mot eldre jenter.

 

Laget:

Cecilie Håvik, Else Lovise Risa, Frøya Haugland, Christine Madsgård, Hedda Tangstad, Emilie Askeland, Ida Stensletten, Sofie Lillesand, Malin Saug, Celina Ersland, Nadine Attille, Mia Høydal, Jannike Røssland, Synna Holmedal Gjerding, Julie Ersland, Maria Fjellandsbø, Malin Blokhus.
 
 
Jan Olav M.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart