|
Tap for G16 mot forsterka Stord lag | | G16, 1. div Rogaland: Stord - Trio 3-1 (1-0)Etter 2-2 heime på søndag, var det med håp om poeng gutta tok turen til Stord torsdag ettermiddag. Stord på si side mønstra det ypperste dei hadde, vart for sterke og vann til slutt fullt fortent 3-1 mot eit fortsatt svært skadeplaga Trio lag. | | |  | | Mål og god innsats av Gaute i dag | Stord hadde mobilisert sidan sist og henta inn 3 som spelar fast på junior laget og ein av dei har visstnok spelt for årets Stord 2 i Trio si 5. divisjonspulje. Dei framstod som eit godt og spelande lag, hadde nok låge i toppen av pulja om ei hadde stilt med dette i kvar kamp. Vi er brukbart med i starten og har rimelig bra kontroll. Så kjem det som er hovedproblemet i år, corner imot. På dei 3 første er det 2 stk 100% sjanser som ikkje går inn og 1 som endar med scoring. Både målvakt og utespelarar blir altfor passive og då blir det fort mål imot med godt slåtte cornerar. | | | Vi reiste med 14 gutar etter at Mads og Lars fortsatt slit med skade. Vi mistar 2 til etter halve første omgang då Daniel S og Selmer går ut med skader. Brynjar og Gaute slit også, og det er tidlig eit spørsmål om vi klarer fullføre med 11 på banen. Vi står imot ut omgangen og går til pause med 0-1. | | | Ikkje ofte vi klagar på dommarar (lenger:-)), men i dag var det dessverre ikkje mykje vi var enige i fra sidelinja. Det gjekk 36 minutt av første omgang før vi fekk vårt første frispark, og då var det rikelig med armbruk frå begge lag. Tidlig i andre omgang får Simen ein strak høgre arm i brystet og blir flytta i motsatt retning av der duellen er. I neste sekund har ein Stord-spelar fyrt ein halv-volley i flott bue over Torstein og i mål. Soleklart frispark til oss, men i staden 0-2. Vi får like etterpå ein noko heldig redusering. Mathias skyt etter frispark med venstrefoten og via ein Stord-spelar dett ballen ned i beina på Gaute. Skrått åleine med keeper gjer han ingen feil og sett ballen til sides for målvakta. Så, når kampen skulle punkteres, måtte det bli på ein.......korrekt, corner....Igjen veldig passivt av mange og værsågod Stord. | | | Kampen i dag var eit lite steg tilbake frå dei siste kampane for laget sin del, og spesielt på defensiv dødball. Best hos oss i dag var vår kaptein Daniel Normann, som viser at formen er på vei etter ein noko middelmådig sesonginnledning. Daniel sto ikkje tilbake for nokon av Stord spelarane sentralt på midten i dag og er 'på gang'. Lovar godt for Sør-Cup som startar om ei drøy veke. Før det skal vi avslutta seriespelet for våren heime mot Djerv 1919 om ei veke. | | | Torstein S. Olderkjær, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Samson Uppheim, Sander D. Brækken, Espen Aakre Sjo, Daniel Normann, Mathias Hansen Eide, Anders Eide Bjørnebøle, Brynjar Gjerding, Simen Hellevik Lie, Daniel R. Sørtveit, Selmer Bondhus, Gaute Thorkildsen. | | |  | | Daniel var vår beste igjen og viser at formen er på gang |
| | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |