|
Greit med poengdeling |  | | Trio G16-2. Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. |
| | | | G16: Trio2-Os2 3-3. Begge lags spelarar meinte nok dei hadde fortent sigeren, men begge lags trenarar var nøkterne nok til å vera samde om at uavgjort var eit rettvist resultat då Os møtte Trio til dyst på Kvednabekkjen søndag ettermiddag. | | |  | | Marcuzinho ute med sjukdom. |
Os var ute i god tid og hadde heile 16 spelarar og ein god del foreldre med seg på ein sosial søndagstur. Sjølv var vi 'berre' 14 spelarar, då Marcus (sjuk) og Daniel (strekkskada) meldte forfall. For ein trenar som skal syte for nok speletid til alle var dette nær sagt berre ein fordel, sjølv om det var gode spelarar som mangla. Sjølv med 'berre' tre innbyttarar var det nok mas frå dei som ville innpå igjen :) | | | Underteikna overhøyrde Os-spelarane seie i peptalken rett før avspark at dei er eit betre lag enn oss. Det var om lag det same som vi sa om dei i garderoben og vi hadde bestemt oss for å gå høgt og aggresivt ut og ta tak i kampen. Det klarte vi også bra, for første 20 minutta var vi veldig gode. Ballen gjekk raskt i laget og vi klarte å sette press på motstandaren. Sander fekk ein tidleg sjanse, men når skotet skal skje med venstreslegga, er ikkje presisjonen like god som med hin. | | |  | | 1-0 ved Alen. |
Men etter 13 minutt vart han sendt rundt på venstresida. Lynrask som han er, tok han seg forbi to mann og la presist inn til Alen på femmeteren. Første skotet vart blokkert, men returen hadde Alen 'Boksic' Foric (sjølv føredreg han 'Dzeko') ingen problem med å banke inn. 1-0 og det var fortent. | | |  | | 2-0 ved Hekmat. |
Ikkje lenge etter kom også 2-0, på noko heldig vis. Marginane var med oss, men Jonas skal ha for at han kjempa godt på ein fortapt ball. Klareringa gjekk rett i leggen på Jonas og spratt gjennom til Hekmat, som ikkje var offside pga ein back som hang igjen. Åleine mot mål var vår afghanske mynde sikker som banken. ' Siste halvdel av omgangen slutta vi å spele slik underteikna ønskjer. Det var stadig meir spel bakover i banen og på tvers, der støttepasningane var stadig lengre og pasningane framover uteblei. Då inviterer vi Os inn i kampen og det takka dei ikkje nei til. Reduseringa kom då vi i eit langt angrep av kaos sikkert skusla vekk 7-8 moglegheiter til å klarere. Vi klarte ikkje å finne att strukturen før pause og skulle vera nøgde med å ha leiinga midtvegs. | | | Os fekk ein pangstart på andre omgang på noko som ikkje burde vore ein sjanse. Eine stopparen vår klarerer til kast, men somlar (u)lovleg lenge med å finne inn att til plassen sin sentralt. Det utnytta Os med eit raskt kast og angrep i dette rommet. Og kvarteret ut i omgangen var kampen snitt til 2-3 med eit perlefrispark i vinkelen frå 20 skrå meter. Klassemål, og underteikna mintest at vi i bortemøtet mot Os snudde deira 2-0-leiing til 2-4-siger for oss i opningskampen i vår. Skulle det gå motsett veg no? | | | Neida! Vi klarte å kjempe oss inn i det igjen og fekk eit visst overtak. Sander fann Vegard, som var nære på med eit skrudd skot like over tverrliggaren. Fausk'en hadde også eit skot like over rett etterpå. Og Sander sjølv tok seg fri frå to mann ved å lobbe over dei, før siste lobben ikkje gjekk over nevane på Oskeeperen. Kunne ha blitt eit legendarisk mål, men nesten skyt ingen prest av hesten. | | |  | | Samson var banens beste og utlikna til 3-3. |
I staden var det på corner (sjokk!!) at vi skulle kome a jour. Edvin hadde vore framme med ei god cornerheading tidlegare i omgangen, men denne gongen var det Samson, som på meisterleg vis - på veg ut frå mål - nikka Vegard sin gode serve klistra i hjørnet med imponerande stor kraft. Ein flott prestasjon, og kjekt for Samson, som var vår bestemann i dag. Har sakna litt meir råskap og musklar frå den snille Raudsteinguten til no i sesongen, men i dag gjekk han føre med vilje og tæl. | | |  | | Solid kamp av Edvin. |
Mot slutten kunne vi også avgjort då Hekmat smelte ballen i nettveggen etter innlegg frå Mohammad, og i sluttsekunda då Sander snappa eit dårleg målspark og ikkje fekk nok dreis på avslutninga. Men 3-3 var nok alt i alt greit nok. ' Samson er allereie nemnt som bestemann i dag. Elles må Yaser trekkast fram for strålande innsats på backen. Han har ikkje så mykje erfaring på fotballbanen, men imponerer stadig med med stor fart og innsats, og får til stadig meir. Kjekt, og han spelte sin første heile kamp i dag. Plussar også til Edvin, som veks inn i ny rolle og i lag med Espen hadde veldig god kontroll i midtforsvaret. Det sjølv med veldig offensive backar, slik planen var i dag. Kampfakta frå KvednabekkjenG16: Trio2-Os Turn2 3-3 (2-1) 1-0 (13 minutt) Alen Foric 2-0 (17 minutt) Hekmatullah Ahmadi 2-1 (29 minutt) 2-2 (45 minutt) 2-3 (55 minutt) 3-3 (71 minutt) Samson Nyrud Uppheim | | | Tilskodarar: Vel 30. Dommar: Marius Quam, Halsnøy Gult kort: Jonas Teigen, Gaute Thorkildsen, eitt til Os. | | | Trio sitt lag (4-3-1-2): Aref Hosseinizada, Yaserullah Tarakhel, Edvin Vågen Bjørgvik, Espen Aakre Sjo, Omid Karimi, Gaute Thorkildsen, Jonas Teigen (Mohammad Barakzai frå 30 minutt, Hekmat frå 70 minutt), Samson Nyrud Uppheim, Sander Dolonen Brækken, Alen Foric (Vegard Fausk frå 40 minutt), Hekmatullah Ahmadi (Vegar Teigen frå 40 minutt). | | | | | | | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |