Stor stas på Løveleikene |
 | | Topp stemning på Løveleikene, og maskotane haren og løva var særs populære innslag. Foto: Merete Lillesand. |
|
| |
| Laurdag skipa friidrettsgruppa i IL Trio til Løveleiker i lag med Lionsklubbane Kvinnherad, Halsnøy, Stord og Fitjar. Det vart eit strålande kjekt friidrettsarrangement for fysisk og psykisk utviklingshemma, der alle hadde ein fantastisk triveleg dag i Husnes idrettspark. 35 deltakarar prøvde seg på både lengde, kule, ballkast og løpsøvingar. Vedlagt er nokre bileter frå moroa. |
| |
Arrangementet kom i stand på 100-årsdagen for Lions, og det markerte dei på flott vis. Mellom 15 og 20 representantar frå Lionsklubbane bidrog på stemnet, og fleire har gjort sitt i forkant. Dette i lag med IL Trio si friidrettsgruppe, som sto som teknisk arrangør. Når i tillegg vergudane viste seg frå ei hyggjeleg side, var ramma lagt. Husnes musikklag og ordførar i Kvinnherad Peder Sjo Slettebø gjorde sitt i opninga av stemnet, og i etterkant spanderte arrangøren på lauskaus på Triohuset for alle involverte. Under ein del bileter frå stemnet. Fleire bileter kan etter kvart også finnast på Lions Halsnøy si nettside. ' Takk så inderleg mykje til alle som bidrog, dette vart ein særs kjekk dag! Helsing leiar IL Trio Friidrett, Are Ulseth |
| |
 | | Klart for 400 meter. Foto: Merete Lillesand. |
|
. |
 | | Eirik Nordal får opp eit kjempestøt i kule. Foto: Merete Lillesand. |
|
. |
 | | Tove Anita Olsen i ballkast. Foto: Merete Lillesand. |
|
. |
 | | Stor innsats på 400-meteren. Foto: Merete Lillesand. |
|
. |
 | | Kulestøt var ei populær øving. Foto: Merete Lillesand. |
|
. |
 | | Deltakarane fekk prøvd seg i petanque innimellom slaga. Foto: Merete Lillesand. |
|
. |
 | | Ikkje berre-berre å fullføre 400 meter i harekostyme. Foto: Merete Lillesand. |
|
. |
 | | Husnes Musikklag spelte i opninga av stemnet. Foto: Are Ulseth. |
|
. |
 | | Ei spent Tove Anita Olsen før stemnestart. Foto: Are Ulseth. |
|
. |
 | | Ordførar Peder Sjo Slettebø sto for den høgtidelege opninga. Foto: Are Ulseth. |
|
. |
 | | Godt med tilskodarar på Husnes stadion. Foto: Are Ulseth. |
|
. |
 | | Haren og Løva var overalt, og vart lagt godt merke til. Foto: Are Ulseth. |
|
. |
 | | Martin Teigen imponerte på 60 meter. Foto: Are Ulseth. |
|
. |
 | | Torbjørn Pedersen Ulvenes med flott innsats på 60-meteren. Foto: Are Ulseth. |
|
. |
 | | Tove med løva og haren. Foto: Are Ulseth. |
|
. |
 | | Lionsmedlemmane stilte mannsterkte og sørga for eit vel gjennomført arrangement. Foto: Are Ulseth. |
|
. |
|
| |
| |
|
|
|