Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Flott innsats av G16-1 i siste vårkamp

G16, 1. div Rogaland: Trio - Djerv 1919 0-4 (0-2)Med 5 mann ute med skade, var det ein formidabel utfordring 13 gutar fekk i kveld då topplaget Djerv 1919 besøkte Husnes. Vi yppa oss skikkelig første halvdel av første omgang, men når kapteinen måtte ut med skade og blei det rett og slett for tungt. Tapre og fantastisk godt kjempande gutar måtte tåla 2 baklengs i kvar omgang og eit 0-4 tap til slutt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Årsbeste av Torstein før skade
Vi gjekk ut i ein 4-4-1-1 formasjon, med eit ønske om å ligga høgt frå starten av. Etter om lag 50 sekund (?!) var vi spelt lave av eit velspelande Djerv-lag som var flinke å flytta ball til områder der vi var litt på etterskudd med å dekka rom. Dette gjorde ikkje så mykje, for vi etablerte ein god struktur, stengte rom og klarte første 20 minutta å skape gode brudd og hurtige angrep. Vi skapar i denne perioden den desidert største sjansen, då Sander blir spelt åleine med keeper. Han er ikkje heilt kald nok og keeper reddar. Ikkje lenge etter får vår kaptein Daniel N føling med ein tidlegare lyskestrekk og er ferdigspelt. Med uttelling på 100% sjansen og Daniel N på banen, kunne dette blitt virkelig gøy. No blei det tungt og ikkje lenge etter at Daniel har satt seg på sidelinja går bortelaget opp i 1-0. Dei doblar til 2 5 minutt etter, då ein Djerv-spelar på utrulig vis klarar krangla seg gjennom 2 av våre på dødlinja på høgresida. Synd vi gjer vekk sånt når vi gjer så mykje anna bra! Vi blir straffa umiddelbart og kontant 2-0.
 
Klikk på bilete for full storleik
Stor kamp av Mathias HE før avreise til Sør Cup
Masse skryt i pausen. Allerede før pause er vi nede på 11 mann då Simen må ut. Vi måtte faktisk i bilen og henta meir is:-)
 
Klikk på bilete for full storleik
Klippe og stabilisatoren i midtforsvaret: Tarmo
Gutane står på i andre omgang også. Djerv skapar meir i denne omgangen og vi blir meir sliten. 3-0 kjem etter 55 min ved ein spiss som låg mistenkelig langt inne og på 4-0 er vi rett og slett utspelt og eit hardt legg frå venstre blir satt kontant i mål.
Kjekt å stå på linja i dag og sjå på ein laginnsats uten sidestykke der alle står på for kvarandre. Ingen klaging eller sure meldingar. Å sleppa inn bare 2 i kvar av 2 x 40 min omgangar mot dette Djerv-laget er vi veldig godt nøgde med. Flott jobba gutar! 
 
Klikk på bilete for full storleik
God jobb av Jonas i comeback på førstelaget
Vi utfordra Torstein til å visa meir autoritet, spesielt på dødball, i dagens kamp. Dette løyste han veldig bra og hadde og ein del gode redningar når sjansane kom tettare. Årsbeste av vår målvakt i dag, einaste skår i gleden at også han måtte ut med skade like før slutt. Mathias HE var oppe igjen på høgt nivå etter ein litt meir anonym kamp sist og gjorde manns jobb på midten. Forsvaret var og meget bra. Vi kunne trekt fram alle, men disse 2 syns vi skilte seg litt ekstra ut i dag:-). 
 
Det har vore ein tøff vår-sesong for gutane. Det starta med ein vinter med ekstremt med sjukdom og mange som har komt seint i sin beste form. I ei pulje med meget høgt nivå har det heller ikkje hjelpt på med mykje skader på sentrale spelarar. Vi føler likevel vi spelar på rett nivå, det har vi vist i mange kampar, sjølv om det kun har blitt 4 poeng i vår. Det er muligheter for fleire i haust, spesielt om vi kjem opp frå 12-13 mann på kampane.
 
No blir det ein kamp mot klokka for å få flest mulig speleklar til lørdag kl 11.00. Då står danske Støvring på motsatt halvdel i Kristiansand når vi spelar G15 i Sør-Cup.
 
God dommar var Steinar Sæther frå Odda.
 
Laget i dag:

Torstein S. Olderkjær, Tarmo Tars, Ole Martin Byrknes, Samson Uppheim, Sander D. Brækken, Espen Aakre Sjo, Daniel Normann, Mathias Hansen Eide, Anders Eide Bjørnebøle, Simen Hellevik Lie, Mathias Gjelseng, Jonas Teigen, Gaute Thorkildsen.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart