|
G15-laget på plass i Kristiansand for årets Sør Cup | | 2002-modellane, ispedd 3 stk 2001-gutar, har i ettermiddag innlosjert seg på KKG (Kristiansand Katedralskole Gimlemoen). Totalt 14 gutar klare for G15-spel på banane rundt- og på Kristiansand Stadion og Sparebanken Sør Arena. | | |  | | Spennande å sjå Hekmat på 15-års lag på Sør Cup |
Seinast i går kveld ved kampslutt var det krise då heile 6 av spelarane var ute med diverse skader, men det er berettiga håp om at alle kan spela i morgon. | | |  | | ......og Erik |
Første kamp er kl 11 i morgon formiddag mot danske Støvring 1. Etter den er planen å kosa seg 3 timar i Badeland, før opplading til kveldskamp kl 20.10 mot Lysekloster/Nore-Neset. Søndag avsluttar ein puljespelet kl 15.00 på sjølvaste Sparebanken Sør Arena (heimebanen til Start). Det blir uansett ein opplevelse og motstandar er Tveit, eit lokalt sørlandslag. Både A- og B-sluttspel kjøres i gang mandag morgon. Kjem ein til A får ein i premie å sova 2 timar lenger mandag. Det heng høgt i denne alderen og er nok motivasjon i seg sjølv:-).
Vi har fått dispensasjon til å ha med 3 stk 2001-spelarar (max 2 på banen samtidig), for å klare å stille lag i cupen. Desse er Tarmo Tars, Sander D. Brækken og Ole Martin Byrknes. Elles følgande 11 stk 15-åringar: Erik Thomas, Alen Foric, Hekmatullah Ahmadi, Torstein Olderkjær, Daniel Normann, Lars O. Larsen, Mads Jørgensen, Anders E. Bjørnebøle, Mathias Hansen Eide, Selmer Bondhus, Brynjar H. Gjerding. | | |  | | Fjorårets Norway Cup helt Lars prøver å bli skadefri til i morgon |
Lagleiar Kjell Arne 'Facebook' O. Larsen er på plass og lovar LIVE-oppdatering til dei heime som vil følgja gutane i kampane. Følg med på Trio si Facebook side frå kl. 11.00 lørdag. | | |  | | Sander i form gler seg til Sør Cup |
| | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |