|
Meir skader og tap for G15 i åpninga av Sør Cup |  | | G15-laget før åpningskampen av Sør Cup 2017 |
| | | | Sør Cup, G15: Trio - Støvring 1 (Danmark) 1-3 (1-1)Fryktelig lei av å snakke om skader no, men det blei igjen eit gjennomgåande tema i åpningskampen av Sør Cup. Til slutt var målsetninga å klare å ha 11 utpå banen. | | |  | | Sterkt comeback av Mads, vår bestemann i første kamp | Vi åpnar bra. Mads var tilbake frå skade og var eit virkelig friskt pust i dag. Aktiv og god på høgrekanten og ikkje nye smerter. Vi er litt uheldige på eit skrått og hardt innlegg frå høgresida. Ballen går gjennom feltet i stor fart og treff eit lår og sprett inn i hjørnet. Vi er ikkje ufarlige sjølve og mykje skjer hos nevnte Mads på høgre. Målet kjem imidlertid frå andre kanten. Anders løyser eit skudd på halv volley frå ca 20m, keeper gir retur og Hekmath er våkent frampå og sett inn returen. Ein bra omgang av oss, men både Selmer og Brynjar er allerede ute av spel igjen, så vi er tynne inn i andre omgang. | | |  | | Scoring av Hekmat |
Gradvis fleire og fleire i uvante posisjonar på banen og ny skade på Lars. Vi er til slutt fornøyd med at det er slutt på stillinga 1-3. | | | Vår beste i kampen var som nevnt Mads. I tillegg var Tarmo, Mathias HE og Daniel N. som vanlig ruvande. Også bra jobb av Anders som måtte stå heile kampen i ulike posisjonar etter som nye utfordringar dukka opp. | | | Vi har kontakta turneringsledelsen for å prøva få aksept for å bruka den siste overårige i den spesielle krisesituasjonen ein står i. Dette har vi fått innvilga. Vi håpar då at vi klarar mobilisera eit offensivt og ikkje minst friskt lagt i kveld kl 20.10. Då er Lysekloster/Nore-Neset motstander. | | | No er gutane og koblar ut i Badeland i Dyreparken:-) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |