|
Løysna etter pause |  | | Storsiger til Trio G16-2. Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. |
| | | | G16: Moster-Trio2 1-8. Gutane gjorde unna siste seriekamp for våren borte mot Moster laurdag. Heile 12 'mann' var utilgjengelege, men vi har ein brei stall og mønstra 10 staute karar til dyst. Sidan Moster er 9arlag, var det rikeleg. Etter ein førsteomgang der vi var for upresise, tok gutane fram mykje bra spel etter pause og vann fortent. | | | Vi kjenner Moster som eit litt ujamnt lag med nokre sterke og skotsterke karar sentralt. På 9arbane var difor målet å unngå unødvendige frispark frå midtbanen og inn mot eige mål, då dei sist gong gav oss mange farlege skot på slike sjansar. Men målet var å bestemme kampen, få fart på ballen og kome rundt på kant. | | |  | | Corner er mål, tenkjer Gaute. |
Det tok ikkje lenge før vi gjorde det, faktisk allereie i første speleminutt. Det endte med eit godt skot frå Espen, som gav oss corner. Den skrudde Gaute rett i mål. Litt uheldig keeperinngripen, men uansett ein pangstart frå oss. Vi heldt koken og fekk ein 2-3 sjansar til targetspiss Marcus. Men på ei kontring kom plutseleg Moster a jour. Ein av få gongar vi var i ulage defensivt i kampen, for bakover gjorde vi ein veldig solid innsats i dag. | | |  | | God kamp av Espen. |
Men framover skurra det stadig meir. Vi kava for mykje og slo dårlege pasningar. Slurva og brukte tå eller utside der ei enkel innsidepasning hadde gjort susen. Vi prøvde på kombinasjonar og dei få gongane vi var presise nok, kom vi til sjansar. Men for ofte vart det upresist og slurvete. Espen ønskte seg straffe då han vart skubba i skotaugneblinken, men dommaren sa nei og vi gjekk til pause med 1-1. | | | Pausepraten gjekk på å vera meir presise og gjere kvarandre gode. Vi kjenner medspelarane og veit kor raske dei er og kor dei vil ha ballen. Meir tydelege og nøyaktige, så skulle vi ut og vise at vi var betre enn motstandaren. | | |  | | Tomålsscorar Marcus. |
Og det klarte vi særs bra. Vi tok tak i det frå start og fekk pasningsspelet til å sitje betre. Allereie i første minutt varta vi opp med eit kjempeangrep, som viste at vi meinte alvor. Espen fekk ballen på venstra då han skulle avslutte, så skotet gjekk over. Men vi var i gang! Fine kombinasjonar vidare og det var eit tidsspørsmål før det skulle løysne. Og det gjorde det då Simen spelte opp Jonas på høgresida. Han avslutta på keeper, men returen sette Marcus sikkert i mål. 1-2 og vi såg oss aldri tilbake. | | |  | | Praktmål av Jonas. |
1-3 kom ikkje lenge etter og då var det keeper Tormod som noterte seg for assist. Eit raskt og langt utspark då Moster var i ubalanse. Backen feilrekna og Jonas kom igjennom. Keeper gjekk ut og pressa han ut mot sida, men på eitt tidspunkt fann målvakt ut at no måtte han heim til målstengene sine igjen. Det såg Jonas, vendte opp og chippa lekkert inn 1-3 med sin presise høgrefot. Vakkert! | | |  | | Stor kamp av Edvin. |
Edvin var på hugget i dag og storspelte nok ein gong i forsvar. Han har fått mykje skryt i det siste, så også i dag. Han blir stadig tryggare i midtstopparrolla og velger gode løysingar med ballen. I dag var han også målfarleg. Eit hardt frispark gav 1-4, rett nok med hjelp av ei styring frå ein Mosterfosvarar. Og 10 minutt seinare lukkast vår storvokste stoppar endeleg også på corner, då han stanga inn 1-6 på Vegard sin presise serve. Edvin Vågen Bjørgvik, folkens. Man of the match. | | |  | | Vegard avslutta scoringsballet. |
I mellom der hadde Samson hamra 1-5 i hjørnet frå 20 meter. Moster var i ferd med å gje opp, og det hjalp ikkje med at dei fekk eit gulkort og fem minutts soning. Marcus knalla inn 1-7 på halv volley og på slutten fastsette Vegard resultatet til 1-8, då keeper ikkje klarte å klarere innlegget. | | |  | | Veldig solid keeperspel av Tormod. |
Dermed storsiger, noko større enn den hadde trengt å vera då Moster resignerte utover i andreomgangen. Men ein veldig godt gjennomført omgang av oss og tidvis kanskje noko av det beste angrepsspelet vi har levert i år. Kjekt å sjå gutane ha trua og sleppe seg laus. ' Då er det slutt på seriekampane for i vår, men vi trenar ufortrødent heile sommaren, for vi skal på Norway Cup! :) Kampfakta frå Moster kunstgrasG16: Moster-Trio2 1-8 (1-1) 0-1 (2 minutt) Gaute Thorkildsen 1-1 (9 minutt) 1-2 (47 minutt) Marcus Nilsen Mathisen 1-3 (52 minutt) Jonas Teigen 1-4 (58 minutt) Edvin Vågen Bjørgvik 1-5 (61 minutt) Samson Nyrud Uppheim 1-6 (66 minutt) Edvin Vågen Bjørgvik 1-7 (70 minutt) Marcus Nilsen Mathisen 1-8 (77 minutt) Vegard Fausk | | | Gult kort: Eitt til Moster. | | | Trio sitt lag: Tormod Sund Vårdal, Jonas Teigen, Simen Hellevik Lie, Edvin Vågen Bjørgvik, Vegard Fausk, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Gaute Thorkildsen, Marcus Nilsen Mathisen, Vegar Teigen. | | | - Trenar Are Ulseth | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |