Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Overlegen 4-0 seier til G15 med fantastisk publikum

Klikk på bilete for full storleik
Jubel for G15 i kveld etter 4-0 siger
 
Sør-Cup, G15: Trio - Lysekloster/Nore-Neset 4-0 (2-0)Fantastisk stemning på gamle og ærverdige Kristiansand Stadion i kveld. G13-familien stilte opp for sine klubbkompisar og lagte ei heilt utrulig ramme og støtte for G15-gjengen. Kanskje var det akkurat dette dei trengte, for dei gjennomførte meget bra 2x25 og vant til slutt fortent 4-0 etter 2 mål i kvar omgang.
 
Klikk på bilete for full storleik
2 mål og flott kamp av Lars
Det var ei innbydande og stor grasmatte som inviterte til finspel i kveld. Med Brynjar i nytt tospann med Tarmo i midten bak, Mathias HE/Daniel sentralt og Sander og Lars i sine favoritt roller som spissar, var det mykje som fungerte i kveld. Sander, Hekmat og Mads herja i bakrom med sin fart og bakrom var det masse av. Heile laget stod godt opp og heile gjengen spelte ein skikkelig god kamp mot eit lag som var ein del svakare enn danskane vi møtte i morges. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Brynjar var sjef i midtforsvaret med Tarmo
Mathias HE var involvert i begge måla i opningsomgangen. Først langskudd som Lars er frampå på returen til 1-0. Deretter gjer han alt sjølv og kjem fri skrått venstre og løfter elegant ballen opp i nettaket. Flott prestasjon Mathias!  Vi produserer sjanse på sjanse og spesielt Sander og Mads har noken store som ikkje vil inn.  Torstein i målet er knapt borti ballen i første omgang som ebbar ut med 2-0, kunne fort vært 5. I pausen er det mykje skryt og vi pratar om å nullstilla og vinna andre omgang. Fortsette å spele ballen langs bakken og utnytte bakrom.
 
Klikk på bilete for full storleik
2 gode kampar av Mads i dag og nettsus i siste
Andre omgang fortonar seg mykje som første. Masse sjanser produsert av oss og ein god del fine angrep. Lars og Mads er skikkelig på spelehumør etter å ha vært ute ein periode med skader og scorar eit kvar og assisterar eit kvar. Dei kombinasjonane har vi sett mange ganger før og var kjekke å sjå igjen:-). Sander kom til mange muligheter også i andre, men sparte scoringane til i morgen?
 
Klikk på bilete for full storleik
Daniel balanserte laget på ein fortreffelig måte på midten
Flott kamp av alle gutane, ekstra inspirert av støtten frå tribunen som blei massiv med alle frå G13. Skadestatus at Selmer ikkje klarte spele i kveld og at Tarmo måtte ut og få ein ispose. Vi håpar dei er klare i morgen. Ellers kjekt at både Brynjar, Lars, Mads og Daniel spelte heile kampen, bortsett frå at Daniel blei kvilt etter 3-0.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ole nøytraliserte kapteinen til Lysekloster fullstendig
Avgjerande kamp om A- eller B-sluttspel kl 15.00 i morgen mot Tveit på sjølvaste Sparebanken Sør Arena. Den innbyr nok også til finspel gutar, så her er det bare å nytta anledningen:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart