|
G15 sikra A-sluttspel i Sør Cup i siste kamp |  | | G15 laget jublande glade på Sør Arena etter avansementet |
| | | | Sør Cup, G15: Trio - Tveit 4-1 (0-1)G15-laget fekk i ettermiddag ein stor opplevelse då dei fekk spela på mektige Sparebanken Sør Arena. Ein flott stadion og gutane storkoste seg utpå der. Det tok litt tid å få hol på byllen, men til slutt enda det med ein særdelses fortent 4-1 siger til 'Power' gutane i raudt. | | |  | | Hattrick på 3-4 minutt av Mathias! | Det åpna litt nervøst og Tveit var nokolunde på høgde. Vi virka litt overtent på oppgåva og gjorde litt enkle feil i ballbehandling på siste tredjedel. Gardvis produserte vi imidlertid meir og meir og Tveit sin målvakt var stadig i aksjon, eller så gjekk skudda utanfor. Så går det som det av og til gjer i fotball, Tveit kjem på ein sjeldan visitt på vår halvdel, fyrer av eit langskudd som overraskar Torstein i målet noko, og plutselig ledar Tveit 1-0 mot spelets gang. Både Lars, Sander og Mathias har store sjansar til å utligna, men det vil seg ikkje og det står 0-1 til pause. | | |  | | Svært bra kamp av Daniel, gutten er i form |
Gutane heng med hodet på sidelinja og får til sin store overraskelse bare skryt for ein god prestasjon der bare måla mangla. Vi oppfordra til tålmodighet og enkle valg langs bakken, så ville nok måla komme. | | |  | | Flott puljespel av Anders - også som høyreback! |
Gutane gjekk utpå med fornya tru og optimisme og tok tak i det umiddelbart. Mathias HE hadde før kampen virka veldig tent og fekk ikkje dette ut i normalt nivå i opningsomgangen. Så skjer det som snur kampen både for laget og for Mathias sin del, han fyrer av eit lavt skudd med venstre fra langt hold. Keeper-mat tenker vi, men han er uheldig og 2 sekund etter trillar ballen såvidt over streken til stor jubel for Trio delegasjonen. I og med at uavgjort ville holde for oss, virka det som dette tok siste lufta ut av Tveit. Resten av kampen er stort sett spel mot eit mål og Mathias HE var stort sett der det skjedde og storspelte i andre omgang. Han er sist på både 2-1 og 3-1 og alle 3 måla, ekte hat-trick, kom i løpet av 3-4 minutt, ketchup.....Han scorar eit flott mål til på eit praktangrep, men dessverre avblåst for offside. Tvilsom i følge Besten Kjell Inge Hansen ringside:-). Ssite målet er vakkert. Glimrende gjennomspel fra Ole M til Sander som spring frå stopparen og scorar sikkert til sides for keeper. Dermed 4-1 siger, meget fortent etter spel og sjanser. | | |  | | Brynjar blomstrar i gammel rolle som sweeper |
Alle gutane er utpå og prøver seg, Selmer dog bare noken få minutt, slit fortsatt med rygg. Håpar på meir spel i morgen. Tarmo klarte å fullføra med teipa fot, blei tatt av på 4-1 for å spares. Igjen ein lagseier der alle bidrar positivt, men den sentrale midtbanen var fantastisk i andre omgang. Mathias HE er nevnt offensivt, mens kaptein Daniel N. gjorde ein utrulig bra kamp defensivt og vant uttallige ballar for laget. Gjenvinningsarbeid på veldig høgt nivå Daniel, meget bra:-) | | | Då blir det retur til grasmatta på Kristiansand Stadion i morgen kl 10.20. Motstander i 1/8-dels finalen er den gamle storheten Moss, som blei nr. 2 i si pulje. Skulle det bli avansement, går kvartfinalen på Sør Arena kl. 15.15. Gutane virkar å vera på gang, så dette blir spennande:-) | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |