Cup-exit for G15 etter straffedrama i Kristiansand |
 | | Tap i 8-dels finale for G15 i Sør Cup |
|
| |
| G15 leverte dessverre ein svak 8-dels finale mot Moss i Sør Cup i dag. Etter ein god start såg det svært så lyst ut, men til slutt enda det med tap på straffer. |
| |
 | | Uheldig Selmer fekk lite spel grunna skade | Gutane åpna slik vi har spelt siste 2 kampane og var aggresive og gode første 15 minutta. Då skjer absolutt alt på Moss sin halvdel. Corner trekket med Daniel og Lars gir 1-0 og det ser ut for å bli overkjørsel. Så virkar det som strømmen blir slått av i Trio laget. Mads føler seg ikkje vel og må ut (kvalme). Vi er plutselig lenger frå Moss gutane og dei evnar flytta spelet lenger opp. Vi har likevel full kontroll til det gjenstår 10 sekund, då får Moss straffe og det står 1-1 til pause.
|
| |
 | | Alen 'Dzeko' med bra innsats mot Moss |
Vi evnar ikkje gje gutane ny energi i pausen og Moss overtar meir og meir. Vi er på etterskudd over heile linja og leder statistikken i feilpasningar klart. Vi klarar holde målet reint ut full tid og ekstraomganger. Spesielt hadde Torstein og Brynjar avgjerande involveringar for å holde unna.
|
| |
 | | Torstein holdt oss inne i andre omgang |
Dermed straffekonk og vi går rett opp i 3-0 gjennom sikre straffar av 'de tre musketerer' Daniel, Lars og Brynjar. Dessverre misser vi begge matchballane og Moss vinn til slutt 6-5 i konken etter 8 straffar kvar.
|
| |
I dag syns vi kun Torstein, Brynjar og Tarmo var opp mot maks nivå. Hadde vi spelt som i går hadde vi tatt dette ganske lett, men sånn er det:-) Synd, sidan Austevoll i kvartfinale på Sør Arena kunne vore overkommelig.
|
| |
Då er det fotballferie:-) |
| |
| |
|
|
|