Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Internkamp

Klikk på bilete for full storleik
Trio G16-2. Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen.
 
Treningskamp G16: Trio1-Trio2 3-7. Gjengen frå Trio G16-2 som skal på Norway Cup, mønstrar to 7arlag i cupen og dei møttest til dyst i treningskamp fredag ettermiddag. Med 14 av dei 21 som skal på cup tilgjengeleg, samt ein som nett har starta på laget og ein som er på besøk, så mønstra vi to lag med innbyttar. Grei kamptrening.
 
Vi har to 7arlag på Norway Cup sidan vi er 21 spelarar som skal i veg, og det let seg vanskeleg passe med 11arfotball. Vi har også vore godt med folk på alle treningane i vår (12 er det minste), og i dag var vi altså 16 mann. Trio1 stilte med 8 av sine 11 på laget (Ole Martin, Jonas og Tormod var ikkje med), medan Trio2 hadde 6 av sine 10 på plass (Daniel, Yonas, Sander og Mathias vekke), og dei lånte dei to øvrige.
 
Vi spelte 3x20 minutt og det var ein god del å rette på etter første omgang, særleg for Trio1, som sleit med igangsettinga. Slik kom også dei to måla, som Jakob og Edvin sette inn. Trio2 var også mest på hugget i starten av andre omgang. Tarmo fekk ei lett oppgåve etter eit frekt overhopp av vår nye mann, Said. Og Mohammad kom rett frå innbyttarbenken og banka inn 0-4. Mot slutten av omgangen la også Mohammad på ein til etter forarbeid frå Jakob, før Vegard reduserte på tampen. 1-5 før siste omgang.
 
I tredje periode tok Trio1 tak i kampen og hadde eit visst overtak. Espen var litt rusten etter to veker i Syden, men spelte seg opp i lag med banens bestemann, forsvarskollega Yaser. Hekmat reduserte på straffe etter hands i feltet, og same mann var framme på retur etter eit kjempeskot frå Espen. 3-5 og det var i ferd med å bli spanande igjen.
 
Men i sluttminutta punkterte Mohammad med to nye mål på overgangar, etter godt forarbeid av Said og Tarmo. Dermed 3-7 til slutt. Vi køyrer på med treningar framover, vi rekk mange på dei to vekene som er att til cup. Og vi skal rekke ein treningskamp borte mot Øystese. Det blir artig, ein ukjent motstandar for oss det.
 
Trio1-Trio2 3-7 (0-2, 1-3, 2-2)
0-1 (2 minutt) Jakob Hellevik Lie
0-2 (11 minutt) Edvin Vågen Bjørgvik
0-3 (22 minutt) Tarmo Tars
0-4 (26 minutt) Mohammad Barakzai
0-5 (37 minutt) Mohammad Barakzai
1-5 (39 minutt) Vegard Fausk
2-5 (47 minutt) Hekmatullah Ahmadi
3-5 (51 minutt) Hekmatullah Ahmadi
3-6 (57 minutt) Mohammad Barakzai
3-7 (59 minutt) Mohammad Barakzai
 
Trio 1: Anders, Espen, Yaser, Gaute, Samson, Omid, Hekmat, Vegard F.

Trio 2: Aref, Simen, Edvin, Mohammad, Jakob, Vegar T, Tarmo, Said.
 
- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart