Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Tøff motstand

Klikk på bilete for full storleik
 
Gutelaget Trio 2 varma opp til Norway Cup med treningskamp mot Øystese på eit fantastisk anlegg i Strandebarm, med flott og open grasbane og moderne friidrettsdekke rundt. Øystese stiller råsterkt til årets Norway Cup og spelar i same klasse som oss. Men i går var det klasseforskjell, og vi fekk tidvis køyrd oss skikkeleg.
 
Vi mønstra for første gong i historia eit lag med overtal av afghanarar på. Vi har no heile 6 kjekke, afghanske gutar i stallen og alle desse var med i går, så vi totalt var 11 mann på kamp. Den gjekk over 3x 25 minutt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Tarmo var vår bestemann.
Øystese var eit par hakk betre enn oss i både tempo, ferdigheiter og samspel og vi hadde vår fulle hyre med å stå i mot. Tarmo gjorde ein framifrå innsats i forsvaret og var vår bestemann. I tillegg var keeper Aref i storslag og hindra mange scoringar, før måtte kaste inn årene siste kvarteret etter ein smell i ribbeina. Det gjorde også at vi gjekk frå 5 til 10 baklengs. Hekmat tok ansvar med hanskane, men han blir nok ikkje hugsa i Trio for keeperferdigheitene. I tillegg var også resten av laget dugeleg slitne, så at det rann inn med mål på tampen (4 baklengs siste 5 minutta), var det ikkje så mykje å gjere med. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Storspel av Aref.
I første omgang sto vi godt i mot, men det var veldig fortent då Øystese scora midt i omgangen. Mot slutten vart vi trykka skikkeleg bakpå, men Aref rydda unna så det sto 1-0 til pausen.

Gutane ville tilbake til vår vante formasjon, og det vart det, sjølv om underteikna var noko skeptisk. Det starta dårleg, med to kjappe i mot og enda eitt ikkje så lenge etter. Men frå 4-0 klarte vi å demme betre opp også med berre to mann bak. Og Vegard reduserte etter at Gaute sto for ballvinning og skot som keeper gav retur på. Dermed 4-1 til pause to.
 
Vi kjempa også godt i første halvdelen av siste omgangen, sjølv om det også her kom eit baklengs heilt i starten. Siste kvarteret tapte vi så 5-0, men det skal vi ikkje legge så mykje i. Øystese framsto i allefall som eit særs godt lag. Underteikna vågar seg på ein liten spådom: Rosendal mot Øystese i A-finalen i Norway Cup?
 
Sjølv er vi ikkje på det nivået, men satsar på å bite frå oss så godt vi kan i kvar einaste kamp. Vi er 21 spelarar og mønstrar difor to jamngode 7arlag i cupen. Sjølvsagt litt uvant å spele 7ar etter gammalt, men det er det nok for dei fleste 16-årslag. Ein kjekk tur skal det i allefall bli.

Kampfakta frå Strandebarm idrettsanlegg

G16: Øystese-Trio 10-1 (1-0, 3-1, 6-0)
Mål Trio: Vegard Fausk
 
Trio sitt lag: 
Aref Hosseinizada, Yaserullah Tarakhel, Tarmo Tars, Espen Aakre Sjo, Mohammad Barakzai, Gaute Thorkildsen, Hekmatullah Ahmadi, Ole Martin Byrknes, Vegard Fausk, Omid Karimi, Said Mohammadi.

- Trenar Are Ulseth
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart