|
Første dag på Norway Cup |  | | Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. |
| | | | Det vart tap for begge G16-laga på første dag av Norway Cup. Vi har delt i to jamne lag og såg på førehand at Trio 1 truleg hadde best sjanse i dag, med ein motstandar frå Lofoten. Trio 2 på si side skulle ut mot sterke Besa frå Makedonia. Analysen viste seg å stemme, Trio 2 fekk køyrd seg og tapte 1-6, medan Trio 1 tapte ein jamn kamp 3-4. | | | Trio 1 var først ute med kamp på Nordre Åsen, eit nytt anlegg i Norway Cup-samanhang, Skeid sitt anlegg på Kjelsås. Ein fin kunstgrasbane, som vi trudde skulle passe oss bra. Men kampen igjennom hadde vi litt for høge skuldre, stressa litt for mykje og slurva med spel og pasningar opp i veret. Der har vi ikkje vår styrke. | | |  | | Flott mål av Samson. |
Likevel tok vi tak i kampen frå start og dominerte i banespelet. Det tok litt tid før vi fekk opna Stamsund-forsvaret og kom til sjansar, men etter kvart løysna det også. Underteikna hadde forlangt at Samson skulle vise fram sin enorme skotfot i dag, og etter 8 minutt hamra han ballen stong-inn frå 15 meter. 1-0, utan at det heilt såg ut til å senke skuldrane våre. Samson var på hogget og hadde både skot og heading like utanfor i minutta etter. Og Ole Martin hadde eit frispark på oversida av tverrliggjaren, men 1-0 sto seg til pause. Og det var det ikkje all verdas skryt å få for, vi hadde utan tvil meir å gå på. | | |  | | Tormod var vår beste, blant anna med ei klasseredning der han retta opp ei dårleg igangsetting. |
Heller ikkje i andre omgang fekk vi heilt taket på det. Men det var fortent då vi auka til 2-0. Jonas fekk utover i kampen ei meir offensiv rolle og slo til med ei strøken crosspasning til Omid på bakre stolpe. Flott scoring ti minutt ut i omgangen. Men i staden for at vi då kunne kontrollere, så endte det i rot og kaos. Ole Martin måtte ut med vond fot, og han var veldig viktig for oss på defensiv midtbane. Anders tok over keeperhanskane frå Tormod, og det første som skjedde etterpå, var at Stamsund fekk redusere utav intet, som det heiter. Og då breidte usikkerheta seg i laget og brått hadde Stamsund snudd til 2-4 med tre nye mål. Symbolsk at eine målet i mot kom på corner, der banens minstemann fekk stå heilt åleine og heade inn. | | |  | | Mål og assist av Jonas. |
Vi tok oss i nakken etter det og kjempa oss til eit overtak igjen. Då keeper var for langt ute og handsa, tok Gaute kjapt frispark og Jonas fekk redusere i tomt mål. 3-4 og tre hektiske minutt att. Men vi kom ikkje nærare enn Espen si heading i stolpen og ut. Eit surt 3-4-tap som gutane tok tungt, men vi får lære av det og. | | |  | | Lekker scoring av Tarmo. |
Så, etter lunsj på Ekeberg og fotoshoot, var det tur til Abildsø og Trio 2 sitt møte med Besa, same klubben som tapte G14-semifinale 1-2 mot Triogutane i fjor. Trenaren kunne fortelje at om lag 50 % av laget var det same, dei andre var 16-åringar. Og dei framsto som eit godt lag av individuelt sterke og raske spelarar. Vi gjorde ein grei førsteomgang, men låg under 0-3 etter to unødvendige cornermål i mot. Når minstemann vår dekker høgaste motspelar, blir det fort baklengs. Elles var Besa veldig gode til å setje fart og lage to mot ein på overgangar. Dette sleit vi med å demme opp for før pause. | | |  | | God kamp mot sterk motstand av Simen. |
Det betra seg defensivt etter pause, men offensivt hadde vi gjort ein god omgang og vore nære på fleire gonger med både Daniel, Sander og Edvin. Den biten klarte vi ikkje like godt å gjenskape etter pausen. Men ok kontroll, inntil Tarmo måtte sone fem minutt for halding i trøya. Då klarte vi ikkje å stå i mot og måtte tåle to baklengs til. Det positive for Tarmo var at han få fekk kome inn på topp etter soninga. Det utnytta han til å redusere med eit flott skot på halv volley, via stolpen og inn. Besa kontra inn 1-6 på tampen og alt i alt var dei eit hakk for gode for oss. | | | Nye moglegheiter i morgon: Trio 2 møter Blindheim på Valle Hovin, før Trio 1 skal ut mot Nesodden på Abildsø på ettermiddagen. Før det skal vi glane på damene, og kanskje til og med seie hei til dei :) | | | Trio 1-Stamsund 3-4 (1-0) Mål av Samson, Omid og Jonas. Laget: Tormod (Anders), Espen, Yaser, Hekmat, Ole Martin, Gaute, Samson, Vegard F, Jonas, Omid. | | | Trio 2-Besa 1-6 (0-3) Mål av Tarmo. Laget: Aref, Simen, Tarmo, Daniel, Sander, Mohammad, Edvin, Yonas, Vegar T, Mathias. | | | | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |