 | | Simen var formidabelt god i dag. |
Dagen starta med tur til Valle Hovin, der Trio 2 skulle møte Blindheim frå Ålesund og Sunnmøre. Begge lag tapte mot sterk motstand i går, så skulle vi henge med i kampen om A-sluttspel, så var det siger som gjaldt. Vi starta kampen bra og var innstilte på å gå offensivt til verks. Blindheim hadde ein god bakspelar som valda oss litt problem med djupe løp, men elles hadde vi god kontroll bakover. Sjølv var vi nære på då Daniel drog seg fri, men keeperen slo til corner.
Vel 13 minutt ut i kampen vart det vanskeleg. Aref var ute og redda og fekk ein unødvendig kakk av motspelaren etterpå. Men enda meir unødvendig var det at vår mann vart forbanna og snudde seg og sparka etter motspelaren. Slikt blir det raudt kort over. Og då måtte Vegar trø til som reservekeeper, medan Mohammad vart byta ut etter få minutt på banen. Vi skulle vera 6 mot 7 i 75 % av kampen...
Men gutane var innstilt på at sunnmøringane skulle få kamp likevel. Mathias var farleg frampå og vi hadde fleire nestensjansar. Nokre minutt før pause fekk vi så eit lite høve til å trekke pusten, då Blindheim fekk eit gult og måtte sone siste minutta av omgangen, pluss starten av andre. Det siste som skjedde før pause var at Tarmo drog seg fri og scora, men målet vart anullert, då keeper hadde fingrane på ballen i forkant. Korrekt nok.
Ein energisk gjeng i pausen var samde med trenar i at dette kunne vi likevel klare. Her skulle vi henta krefter i kjellaren. Og gutane gjekk ut og gjorde ein fantastisk omgang. Daniel, Simen, Tarmo og Daniel igjen kom til gode sjansar utan å lukkast. Vegar fekk ein flott start med redning på første skotet, og han såg seg sidan aldri tilbake. Han låste døra fullstendig, og i tillegg var Simen og Edvin legendariske bak.
Kvarteret ut i omgangen sprakk det på ei kontring og Blindheim trudde dei avgjorde kampen. Men ikkje tale om at vi skulle gje oss. Vi heldt fram og pressa på, og du verda så fortent det var då Simen, banens gigant, spelte opp Daniel, som netta sikkert. 1-1, og vi var ikkje nøgde med det. Vi køyrde kampen vidare. Vi ville ha meir.
To minutt før full tid fell vi meir. Vi var offensive, dreiv opp tempoet og 7 sunnmøringar vakla mot våre 6. Edvin tok eit raskt kast og Tarmo gjekk av ein mann og kom mot keeper. Sikker scoring og jubelen gjekk i taket. Dei to siste minutta kontrollerte vi. Stor ståhei då dommaren blas for full tid, og ein kolossalt fortent arbeidssiger til gutane. Herleg!
På ettermiddagen gjekk så turen til Abildsø, der Trio 1 braka i hop med Nesodden. Vi gjekk på eit litt surt tap i går, medan Nesodden tapte stort for sterke Stranda. Vi var innstilte på å gå hardt ut og styre kampen. Og det gjorde vi grundig. Samson sette standarden med å kome gjennom og fyre ballen knallhardt rett på keeper. Så hadde Ole Martin tre gode sjansar, der to av dei var i tverrliggjaren. Jonas, Gaute og Omid fekk også store sjansar, før det endeleg lukkast to minutt før pause. Gaute kom rundt på sida og la inn til Ole Martin, som gjorde det som hadde mangla så langt: Fekk kontroll og plasserte ballen i nota. Veldig fortent.
Pausepraten gjekk på å ikkje bli defensive i hovudet, men køyre på og skape meir sjansar. Det klarte vi bra, Espen og Yaser (og etter kvart Gaute) kontrolllerte godt bakover og vi førte framleis kampen og hadde haugevis med sjansar. Hekmat og Jonas hadde dei største utanom Gaute, då han og Ole tok svenskefrisparket vårt. Men det vart med nesten. Vi vart for ukonsentrerte i avslutningane og for ivrige og skulle skyte for hardt. Litt ro og is i magen, så hadde det blitt mykje meir enn 1-0. Sjansestatistikken var på om lag 15-1. Men siger vart det uansett, og det må vi vera nøgde med.
Ein kjekk kveld i dag med felles middag for gutar og foreldredelegasjonen på Egon. Så blir det tøffare kampar i morgon for begge lag. Det dreg seg til!
Trio2-Blindheim 2-1 (0-0) Mål av Daniel Sørtveit og Tarmo Tars. Raudt kort: Aref Hosseinizada Laget: Aref (Vegar), Edvin, Simen, Daniel, Sander, Yonas, Tarmo, Mathias, Mohammad.
Trio1-Nesodden 1-0 (1-0) Mål av Ole Martin Byrknes Laget: Tormod, Espen, Yaser, Gaute, Ole Martin, Samson, Vegard, Jonas, Omid, Hekmat, Anders.
|