Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Norway Cup: Gode prestasjonar på dag 3

Klikk på bilete for full storleik
 
Utgangspunktet var likt for dei to laga våre før siste kamp i gruppespelet: Med siger ville vi vera klare for A-sluttspel. Trio 1 hadde tøffaste motstanden i puljas beste lag. Stranda hadde 21 mål på dei to første kampane. Trass i framifrå innsats, vart det tap 2-6. Trio 2 og Falkeid låg likt, men tysværingane med klårt betre målskilnad. Men mot opplagte Triogutar i kveldssola var dei sjanselause. Vi grusa dei 4-1 og leverte ein strålande kamp med blendande spel.
 
Vi var budd på ein tøff kamp mot sterke Stranda, men skulle vise at vi kunne vera godt på høgde med dei. Diverre pådrog vi oss eit unødvendig gult kort då Gaute drog kraftig i trøya. Dei fem minutta med ein mindre på banen kosta oss to baklengs. Sidan heva vi oss og hadde gode sjansar ved Vegard og Espen. Stranda la på til 0-3, men Yaser svarte nokre minutt før pause med ei fin forsering og ei knallhardt skot i hjørnet. Yaser leverte ein fantastisk kamp for oss i dag. Med 1-3 var vi på hugget, men diverre fekk Stranda ei heldig 1-4-scoring rett før pause.
 
Vi skulle ut og vinne andre omgang, og var på god veg å gjere det med ein veldig solid prestasjon. Det beste vi har spelt med dette laget i cupen. Fleire sto fram og alle jobba knallhardt. Jonas reduserte på eit langt kast av Yaser og vi hang bra med. Siste fem minutta punkterte Stranda med to mål til, slik at sluttresultatet vart 2-6. Men vi tek med oss ein god prestasjon mot eit sterkt lag. 
 
Det betyr 3.plass i pulja og B-sluttspelkamp mot KFUM Oslo kl 12 i morgon. Det er eit lag vi skal slå, om vi spelar som i dag. 
 
Til kvelds var det så kamp om andreplassen for Trio 2 og Falkeid. Tysværingane hadde vunne og tapt, som oss, men med betydeleg betre målskilnad enn kva vi hadde. Likevel var underteikna rimeleg sikker på at dette skulle vi ta. Gutane virka veldig på hogget i oppvarminga og hadde som før nemnt ein strålande kamp i går. Som spådd (ok, eg tippa 3-1), så gjort. Vi grusa dei 4-1.
 
Vi har vel knapt sett denne gjengen nokon gong så gode som i dag. Edvin og Simen var botnsolide bak, med god hjelp av resten av laget. Etter eit tidleg stolpeskot, fekk Falkeid aldri sjansen til å kome til sjansar. Dei få skota som gjekk forbi plukka Vegar med stoisk ro. Og framover byrja vi etter kvart å storspele, med briljante kombinasjonar. Eit dobbelt veggspel mellom Simen og Daniel gjorde at sistnemnte fekk sende oss i føring midt i omgangen. Daniel starta på benk og då vi ikkje lenger klarte å halde han att på sidelinja, fauk han rett inn og terroriserte motstandarforsvararane.
 
Forrykande god: Daniel.
Nærare pause nikka Sander inn eit langt frispark frå Edvin. 2-0 til pause og trenaren kunne oppsummere med at det einaste som hadde vore feil var at det ikkje hadde vore nokon feil. Dette var knallsterkt. Vi snakka om at vi var gode på den flotte kunstgrasbanen og kunne halde ballen enda meir i laget og spele ut motstandaren. Det gjorde vi til gangs i andre. 3-0 på eit perleangrep, der Edvin starta det heile. Mathias vegg med Sander, rundt på kant, inn til Tarmo og pang i mål. Falkeid hang rett og slett ikkje med. Og slik heldt vi fram med angrep etter angrep. Daniel var ein pest og ein plage for rogalendingane og han la på til 4-0, etter strålande forarbeid av Yonas. 
 
Falkeid fekk eit trøystemål på tampen, men ein knallsterk prestasjon av oss. Dette gjeld det å gjenskape i morgon. Då er Førde motstandar kl 13.15 på Ekeberg. Med andreplass i pulja for oss, møter vi ein puljevinnar og Førde har ikkje betre enn 3 sigrar og 21-2 i mål. Då skal dei få det tøft mot oss, om vi spelar som i dag.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart