Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Greit i B, for tøft i A

Klikk på bilete for full storleik
Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen.
 
Då er 1/16-finalane unnagjort og Trio 1 tok seg greit av KFUM Oslo i 16-delsfinalen i B-sluttspelet, medan Trio 2 som venta fekk det beintøft mot eit råsterkt Førde-lag, som hadde tre strake sigrar og toppa si pulje. 
 
I starten på Trio 1 sin kamp fekk vi eit skybrot og det ausa ned med regn i heile første omgang. Det gjorde forholda glatte og vanskelege, men vi såg tidleg at vi var eit betre lag og vi meistra også forholda til å vera beste laget. Jamnt og sjansefattig i starten. Vi hadde ein dobbelsjanse i starten med Ole Martin, men frå Jonas prikka inn 1-0 etter 8 minutt såg vi oss aldri tilbake. Eit raskt angrep der Omid kom opp på venstre og fann Jonas på femmeteren. Han tuppa ballen mellom beina på keeper og vi var i føring.
 
Derifra skapte vi fleire sjansar. Samson skaut rett utanfor og Jonas fekk ein kjempesjanse etter forsvarsmiss. Åleine mot keeper var det sistnemnte som gjekk ut som vinnar. Men etter kvarteret vart det 2-0, også då ved Jonas. Han vann att ballen høgt og scora sikkert. Kort etter hadde han også eit skot i stolpen, så nær eit ekte hat trick. Men rett før pause fekk vi likevel 3-0. Eit langt kast frå Yaser som forsvarar og keeper gjekk opp i duell med kvarandre om. Ballen rett til vers og var på veg å dette ned i tomt mål. Vegard var frampå og dytta den inn.
 
3-0 var litt i overkant etter spelet, men fortent leiing. Men vi burde vera god for enda litt betre. Det fekk vi ikkje ut etter pause. Ole måtte ut før kvilen med pusteproblem og han er vår viktigste mann i si rolle. Men Samson gjorde ein god jobb som erstattar. Likevel vart det ein rotete og sjansefattig omgang. Vi la på til 4-0 etter ei rask kontring der Vegard serverte Omid på tomt mål. Mot slutten var det vi som vart litt pressa, og det skuldast mykje to unødvendige gule kort, som gjorde at vi var halve omgangen med ein mann mindre på banen. Gaute for halding og Jonas for munnbruk. Dette er tull vi må legge av oss, elles blir vi straffa når motstanden blir tøffare. 
 
Men uansett. Ein ordinær kamp frå oss. Vi kan betre og må vera betre når Ny-Krohnborg frå Bergen er motstandar på Abildsø kl 19.30 i kveld. Det er 1/8-finale. Skulle det bli siger, ventar Tønsberg eller Skjervøy i neste runde. 
 
Så var det Trio 2 sin tur, på ein bane like bortom. Framleis vått og glatt og vanskelege forhold. Det skulle straffe seg for oss. Vi var budd på ein tøff kamp, for vi visste Førde hadde eit knallsterkt lag og særleg ein god spiss, som hadde seinka Odda med 4 mål. Men dei framsto som eit veldig godt lag, med gode individuelle ferdigheiter. Der vi sklei og kom i ulage, heldt dei balansen. Vi var også uheldige og fekk ein sur start. Sjølvmål etter corner etter 8 minutt, og nytt baklengs tre minutt seinare då begge våre stopparar sklei og datt mot eit dribleraid av ein spelar med enorme ferdigheiter.
 
0-2 gav litt hengehovuder, og det vart til 0-4 på få minutt. Vi skal væra ærlege nok til å sjå at vi nok ikkje hadde klart å demme opp for Førde heile kampen uansett, men med to raske, dumme baklengs i starten, er det tett på uråd mot eit så sterkt lag. 0-4 midtvegs var likevel ein prestasjon vi ikkje heilt er bekjent av. Daniel hadde vår største sjanse då han drog seg fri og kom åleine mot mål. Men keeper varta opp med ei praktredning.
 
Vegar tok over hanskane til Aref midtvegs og vi klarte å ta oss i nakken. Andre omgang vart betre frå vår side. Vi jobba godt defensivt og hindra motstandaren i å kome til mange sjansar utover ei scoring. Men vi møtte eit velorganisert lag som var flinke å demme opp for våre overgangar å angrep, så særleg mange målsjansar vart det ikkje på oss. 0-5 og exit.
 
Vi imponerte og vippa Falkeid ut av A-sluttspelet i går. Hadde vi hamna i B-sluttspel, skulle vi nok klart å gå eit godt stykke, for Falkeid vann heile 10-0 i sin kamp i dag. Men A er uansett betre enn B, og vi skal vera veldig stolte over å ha kvalifisert oss. All ære for ei flott gjennomført turnering av Trio 2, som har varta opp med fleire steg fram både i form av solid forsvarsspel og i tempo og presisjon i angrepsspelet. Vi børstar av oss støv og nedoverleppe raskt og skal halde ryggen rak og hovudet høgt over det vi har prestert. 
 
Så er det altså ny kamp for Trio 1 kl 19.30 i kveld. Vi fortsetjer, tross smertene, som ein gammal Triolegende seier det.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart