Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Oppsummering Trio 1 i Norway Cup

Klikk på bilete for full storleik
Trio 1 på Norway Cup. Bak frå venstre: Jonas, Espen, Tormod, Gaute, Samson, Omid. Midten: Anders, Yaser, Vegard, Ole Martin, og liggjande fremst: Hekmat.
 
Ei kort oppsummering for kvart av laga si deltaking i Norway Cup. Med 21 'mann' på blokka meldte vi på to 7arlag for å sikre mest mogleg speletid for alle. Delte i to jamne lag og trass i at vi har tapt ein del dei siste åra, har vi hatt framgang nok til at underteikna rekna begge laga kunne kjempe om plass i A-sluttspel. For Trio1 sin del vart det nesten, etter ei turnering på det jamne.
 
På papiret var laga våre jamne, med Trio 1 som det laget vi rekna som mest solide bak, dog ikkje så kvasse lengst framme. 11 scoringar på 5 kampar var i så måte ikkje så gale, men vi mangla litt på å få teke ut vårt beste i turneringa. Ein rufsete start, men tre gode kampar etterpå, før exiten vart ein svak kamp. Eit problem vi hadde var at vi pådrog oss for mange unødvendige gule kort, noko som gjev 5 tunge minutt med ein mann mindre. 
 
Perlescoring av Samson i første kamp.
På førehand var Stranda venta å bli sterkaste laget i pulja, medan det var ganske ope bak dei. Det viste seg å stemme bra, så første kamp mot Stamsund frå Lofoten vart avgjerande med tanke på avansement. Og tidenes første kamp i Norway Cup på eit nytt kunstgrasfelt på Kjelsås vart jamnt, dog med eit visst overtak til oss i første omgang. Vi leia 1-0 midtvegs etter ein susar frå Samson og etter kvilen auka Omid til 2-0. Men skade og byte gjorde at vi kom veldig i ulage og på eit femminutts blackout måtte vi tåle 4 baklengs mot eit lag som nesten ikkje hadde hatt store målsjansar fram til då. Vi reiste oss, men det vart med Jonas si redusering på tampen. 3-4-tap mot eit lag vi burde slått på ein normalt god dag. Utanom den eine perioden var vi dog solide bakover. 
 
Ole Martin var viktig på sentral midtbane.

På dag to var så puljas svakaste lag, Nesodden, motstandar. Her dominerte vi kampen kraftig og skapte haugevis med sjansar utan å lukkast. Det vart med Ole Martin si scoring rett før pause og dermed ein del nerve i kampen, sjølv om vi i grunn hadde veldig god kontroll. Ole Martin var viktig for oss i turneringa både defensivt og offensivt, og i periodar der han måtte ut med skade eller pusteproblem, sleit vi meir. Elles var forsvarsduoen Espen og Yaser knallande gode turneringa gjennom, og keeper Tormod var stødig som Dovrefjell bakerst.

 
Yaser har ikkje spelt fotball så lenge, men imponerer stadig meir.

Kamp tre var så mot komande puljevinnar Stranda. Dei var eit hakk for gode for oss, men her øydela vi mykje med å pådra oss eit unødvendig gulkort i starten, noko som Stranda straffa oss med to kjappe mål i Power play. Utanom dette gjorde vi ein solid kamp, og tapte kvar av omgangane 1-2 mot eit offensivt sterkt lag. Totalt gav det 2-6, men det hadde vore artig å sjå heilskapen utan det forbaska kortet i starten. Våre scoringar kom på soloraid ved Yaser, samt Jonas etter eit langt innkast frå Yaser.

 
Toppscorar Jonas.

Uansett, vi hamna på tredjeplass og det gav B-sluttspel. Der var Norway Cups største deltakarklubb første motstandar. KFUM Oslo hadde 40 lag med og dei vi møtte var høgst overkommelege. Etter eit jamnt første kvarter, tok vi meir og meir over og ført av ein opplagt Jonas i angrep, cruisa vi inn til siger. Han sto for dei to første måla, før Vegard scora det tredje rett før pause. Og Omid sikra 4-0 i andre omgang og vi var vidare.

 
Veldig solid turnering av Espen.

Onsdag kveld var det så 1/8-finale mot Ny-Krohnborg frå Bergen. Det vart alldeles ikkje nokon velspelt kamp av nokon av laga, men derimot ein jamnspelt innsatskamp med nerve, intensitet, høgt tempo og høg temperatur. Slik ein sluttspelkamp skal vera. Her avgjer det mykje kven som får det første målet, og det hadde både Samson og Jonas sjansen til å få åleine mot keeper, men begge brente til det dei hadde og sendte ballen til skogs. I andre omgang fekk vi eit baklengs då vi var i undertal, og då vart det vanskeleg. Bergensarane la på til 2-0, før Samson reduserte og det vart vanvittig hektiske fem minutt på tampen. Jonas fekk den største sjansen, men klarte ikkje å halde roen. Dermed vart det exit, men det var kjekt å sjå på vinnarviljen, innsatsen - samt forbannelsen då det ikkje gjekk vår veg til slutt. Slik det skal vera. 

 

Bittert som f..., men etter ein halvtimes surmuling er vi flinke til å finne att humøret.

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart