|
Ternen J11 vann Fair Play-prisen |  | | Ternen sitt J11-lag. Foto: Helge Sunde. |
| | | | Eitt av særprega ved Husnes Cup er Fair Play-prisen, som vi kvart år deler ut til eitt av laga, som har utmerka seg på området. Denne heng særs høgt og mange lag førebur seg ofte på korleis dei skal gjere ein best mogleg prestasjon her. I år gjekk prisen til eit lokalt lag, Ternen J11. | | | Det er alltid vanskeleg å skilje mellom laga, for det er som regel veldig få negative tilbakemeldingar. Vi vurderer blant dei som leverer inn fair play-vurderinga, og ser etter kva tilbakemeldingar dei har fått i frå motstandarar, dommarar, sekretariat og turneringsleiinga. Oppførsel i cupteltet blir også etter beste evne teke med i vurderinga. | | | Vi set også pris på å ha fått veldig mykje skryt for dommarane våre. Og den skryten er gjensidig, aldri før har vi fått så mange positive tilbakemeldingar frå dommarane om laga dei har leia i kamp. | | | I år var det altså veldig mange kandidatar. Fleire har utmerka seg med god oppførsel, positive haldningar og opptreden på banen i Fair Play-ånd av beste merke. Vi har særleg lagt vekt på dommarane sine tilbakemeldingar, og her utmerka J11-klassen seg med å ha 100 %positivt (smileys) i alle kampane. Vinnaren måtte difor kome frå denne klassen, men å peike ut eitt, var ikkje lett. Ei heilskapeleg vurdering der tilbakemeldingane frå motstandarar og vakter gjorde at det sto mellom 2-3 lag. Og vi har til slutt klart å plukke ut eitt. | | | Årets fair play-pris er sponsa av Sumarum Regnskapsbyrå, og er billettar til ein Brann-kamp eller FKH-kamp. Vinnaren er Ternen J11. | | | Vedavåg best i opptoget Som vanleg gjorde alle laga opptoget vårt til stor stas. Mange deltok aktivt og lagde mykje leven og mange hadde kledd seg ut. Det var mange gode kandidatar. Kjekt å sjå at nokre av dei som gjekk bak i toget til og med hadde eigen musikk, og mange gaula for full hals på laget sine kamprop. Eller som Trott og Fitjar: Dei heia på kvarandre :) | | | Vi fall særleg for eitt lag, som hadde lagt stor flid i å kle seg ut, hadde flotte parykkar og song og lagde veldig mykje lyd. Premien for beste innsats i opptoget er gavekort på Peppes Pizza på 2000 kr, sponsa av Bygger'n Teigen! Den går altså til: Vedavåg jenter 12 år.
| | |  | | Vedavåg-jentene lagde liv i opptoget. Foto: Helge Sunde. |
| | | | | |
| |
| | Siste nyhende | | | | | Grei siger i jamnspelt kamp | | Les meir | [26.09.2019] |
| | Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne | | Les meir | [25.09.2019] |
| | Dette var for slapt | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Storsiger i hausten's første heimekamp for J15 | | Les meir | [24.09.2019] |
| | Miniputtcup 29.september | | Les meir | [22.09.2019] |
| | Solid siger for damene | | Les meir | [22.09.2019] |
| | | | Lenkjer | | | |